Ivar Norevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Norevik
Fødd 26. mars 1900
Død 18. mars 1956
Parti Arbeidarpartiet

Ivar Jakobsson Norevik (26. mars 190018. mars 1956) var ein norsk industriarbeidar og stortingsrepresentant frå dåverande Lavik herad i Sogn, og som representerte ArbeidarpartietStortinget frå 1945 til han døydde.

Norevik var son til ein gardbrukar. Sjølv var han industriarbeider ved smelteverket Norsk Aluminium Co. i Høyanger frå 1918 til han vart vald inn på Stortinget hausten 1945. Frå 1920-åra engasjerte han seg i fagrørsla og for Arbeidarpartiet og fekk fleire tillitsverv. Han var i si tid med i hovustyret for Norsk Kjemisk.

Norevik vart vald frå valkrinsen Sogn og Fjordane i 1945 og attvald ved dei neste to stortingsvala. Valbolken 1945-49 var han medlem i Helsekomiteen. Frå 1950 hadde han plass i Skog-, vassdrags- og industrikomiteen.

Då Norevik døydde i mars 1956, rykte Edvard Solheim inn på Stortinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]