Ivar O. Sundet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar O. Sundet

Statsborgarskap Noreg
Fødd 11. desember 1871
Osen
Død

20. oktober 1960 (88 år)

Yrke politikar, jurist
Politisk parti Venstre
Ivar O. Sundet på Commons

Ivar Olaus Sundet (11. desember 187120. oktober 1960) var ein norsk jurist, byfut og politikar frå Osen i Sør-Trøndelag. Han representerte einmannskrinsen Kristiansund og partiet Venstre på stortinget 1916-18.

Sundet var son til ein gardbrukar. Etter folkehøgskule i Levanger vart han i 1891 student frå Hauges Minde i Kristiania. Han tok cand.jur.-eksamen i 1896 og arbeidde 1897-1900 som fullmektig hos sorenskrivarane i Moss og på Nordmøre. Frå sommaren 1900 var han sakførar i Kristiansund. I 25 samfulle år, 1917-42, var han byfut i Kristiansund, perioden 1921-29 også styrar av Noregs Bank si avdeling i byen.

Sundet hadde gjennom åra ei mengd kommunale og private verv i Kristiansund og i Møre fylke. Han var medlem i bystyret 1910-18 og 1922-31, ordførar 1913-16. Stortingsperioden 1916-18 møtte han på Stortinget som byens representant, med sete i Jarnbanekomiteen, ei strategisk plassering sidan han var med i Møre fylke sin jarnbanekomite i tida 1914-27.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]