Ivar Sælen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Sælen
Ivar b saelen.jpg
Fødd 19. november 1855

Lindås

Død 24. november 1923
Oslo
Parti Høgre
1. verv Norsk kyrkjeminister
 - periode 30. mai 1923–23. november 1923
 - regjering Berge
 - etterfylgjar Karl Sanne
2. verv Norsk kyrkjeminister
 - periode 6. mars 1923–30. mai 1923
 - regjering Halvorsen II
3. verv Stortingsrepresentant
 - periode 1900–1903, 1904–1906, 1910–1912 (suppleant)
 - valkrins Søndre Bergenhus Amt
4. verv Ordførar i Fana
 - periode 1907–1910, 1913–1916

Ivar Bergesson Sælen (19. november 185524. november 1923) var ein gardbrukar og politikar for Høgre.

Sælen var fødd i Lindås, faren var gardbrukar og byggmeister. I 1863 flytta familien til garden Sælen i Birkeland sokn i Fana. Ivar Sælen var elev ved Sogndals folkehøgskule vinteren 1874-75. Frå 1877 var han gardbrukar på Sælen.

Han var i mange år medlem av heradsstyret i Fana, nokre år også ordførar.

Sælen var stortingsmann frå Søndre Bergenhus amt 1900-06, og var 1. vararepresentant for krinsen Midhordland 1910-12. Frå 1900 var han medlem av budsjettkomiteen, deretter frå 1903 medlem av justiskomiteen. Atter medlem av justiskomiteen i perioden 11.2.1910-19.2.1912, då han møtte i staden for Wollert Konow (SB).

Sælen var kyrkje- og undervisningsminister frå 6. mars 1923 til han hausten same året døydde i Kristiania.

I 1979 vart det reist ei byste av Sælen i Fyllingsdalen, forma av Nils Aas.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]