Ivar Skippervold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Skippervold
Fødd14. mars 1949
OpphavNoreg
Verka sommusikar
PrisarBibelprisen

Ivar Skippervold (fødd 14. mars 1949) er ein norsk musikar, barnebokforfattar, lærar og underhaldningsartist. Han blir gjerne omtalt som kyrkjemusikkens Thorbjørn Egner, på grunn av dei mange kristne syngjespela han har laga for born.[1] Når han held konsert, driv han også stundom med buktaling, dokketeater og trylleshow.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Skippervold kjem frå Oslo, men flytte til Lillesand som vaksen. I yngre år studerte Skippervold både teologi, sosiologi og musikk, han jobba i to år som ungdomsprest og fem år som rektor for kommunal musikkskule. Sidan han slutta har han vore frilansmusikar, og han har produsert svært mange kristne syngjespel for born, ofte om bibelhistorier. Døme på slike er Noas ark (1984), Tårnet i Babel (1985, Daniel i Løvehulen (1987) og David og Goliat (1988).

I 1972 var Skippervold med på oppstarten av kvartetten Frisk LuftHedmarktoppen i Hamar saman med Arnold Børud, Rune Larsen og Kjell Fjalsett. På syttitalet gav gruppa ut LP-ane Gospel Live (1973) og Frisk Luft 2 (1975), begge på plateselskapet Polydor. Same året, i 1975, gav Skippervold ut si fyrste eigne plate, Hiroshima og spurven. Som soloartist er han kjend for songen Skarru kjøpe hest som kom på Norsktoppen, og for songen Flere slike dager som er brukt som vignettmusikk til TV Norge-programmet Reisesjekken.

På midten av åttitalet forma han og Hans Erik Schei duoen Skipper Schei. Dei framførte showet Skipper Schei drar vest, og starta også det vesle Skippers Forlag. Ivar Skippervold produserte adventskalenderen Julestua, som vart send på TV Norge i 1989. I 1992 hadde han produsert adventskalendaren På låven for TV 2.

Då kyrkja i Noreg feira milleniumsjubileum i 1995, laga han syngjespelet Ansgar og vikingene med stønad frå Norsk Komponistfond. Spelet hadde premiere i Grieghallen, og var på vegen heile jubileumsåret som et samarbeidsprosjekt mellom Den norske kyrkja og skulen.

Jola 1997 gav Skippervold ut musikalen Nikolas fra Patara som handla om St. Nikolas, opphavsmannen til jolenissen. Historia kom også ut som barnebok på Credo Forlag i samarbeid med Kirkens Nødhjelp. Frå og med 1998 har musikalen vore på turné kvar jol. Han har oftast vorte framført i kyrkjebygg, men også framført i Oslo Konserthus, Stavanger Konserthus og i Grieghallen i Bergen.

I 1999 gav han ut barnebok, songsyklus med CD, note-/ og idéhefte om "Frans av Assisi". Året etter turnerte han mykje med syngjespelet "Historien om Jesus"; det offisielle tilbodet for samarbeid mellom kyrkje og skule i år 2000. Hausten 2000 gav han ut historia om "Sancta Lucia" som barnebok og idéhefte.

Ivar Skippervold har vore engasjert i Arken kulturhus i Lillesand, som rommar eit hovudhus, bakgard med scene, eit uthus med dokketeaterscene, kaffibar og kunstutstilling i mai 2001. Sommaren 2001 laga ein 5 fjernsynsprogram av TV Norge-programmet av "Blå time" med kjende forfattarar og musikarar.

Ivar Skippervold fekk Bibelprisen i 2001 for sine 18 syngjespel frå bibelhistoria av Det Norske Bibelselskap. Grunngjevinga var m.a. hans "sikre dramatiske overføring av bibelteksten frå boksider til syngjespel".

Våren 2002 kom barne-CD-en Jalmar og de fire årstidene ut, på oppdrag av sparebanken Nordea, samt cden Rødhette og ulven.

Ivar Skippervold fungerte ei tid som redaksjonsleiar i barneavdelinga i Kanal24. Våren 2003 teikna Skippervold kontrakt med Kanal24 og oppretta Barnekanalen A/S i Arken kulturhus. I 2006 endra kanalen namn til Bark Media AS og verksemda flytt til Kristiansand. Gunnar Stavrum frå TV 2 Interaktiv er for tida styreformann og kanalen har 17 tilsette fordelt på 11 årsverk.

I 2005 produserte Skippervold songsyklusen Piken med fyrstikkene, basert på eventyret til H. C. Andersen som CD, note-/og idéhefte. I 2006 kom også syngjespelet om St. Sunniva ut som CD og notehefte. Dette vart urframført under SunnivafestspelaSelja med m.a. Sunnivabarnekoret og eit lite orkester. I 2006 gav Skippervold ut to samle-cdar med titlane Skippergata og Kirkegata. CD-ane representerte dei to stilane Ivar Skippervold har representert: underhaldningsstilen og den meir kyrkjelege stilen. I 2005 - 2008 var Skippervold også leiar av Tekstforfatterfondet.

Dei siste cdane til Ivar Skippervold som har kome ut til no, vart Henrik Wergeland og Abrahams barn frå 2008 og Den blinde Bartimeus (2009). For tida arbeider Skippervold med konsertar, kunstnarisk verksemd og ein multireligiøs musikkfestival.[2] Han har også vore involvert i Frisk Luft sitt comeback. Gruppa har gjeve ut 3 plater, i åra 2000, 2004 og 2008.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1975 Hiroshima og Spurven ( Polydor 2382 062)
  • 1977 Nasareer (Lumi 2010022)
  • 1978 Sanger i hverdagen (Lumi/Iko)
  • 1979 Sangen er en vise ( Lumi)
  • 1980 Ny sang (Ansgar LP ans 30/40)
  • 1981 Søndagsskolen synger ( ALP 101)
  • 1982 Ivar og Linda (ALP 102)
  • 1983 Eselet Freddy (AC 103)
  • 1983 Fred (ALP 104)
  • 1984 Noas Ark (AC106 /ACD 122)
  • 1985 Tårnet i Babel (AC 108)
  • 1986 Skipper Schei (ALP 109)
  • 1986 Jona (AC 110/ ACD 123)
  • 1987 Daniel i løvehulen (AC112 / ACD 123)
  • 1988 David og Goliat (AC 113 / ACD124)
  • 1989 Adam og Eva (AC 116 / ACD 124)
  • 1989 Julestua (Adventserie TVNorge AC 117)
  • 1989 Spor ( Jubileumsmusikal KFUK-M / AC 115)
  • 1990 Den barmhjertige samaritan (AC1 20 / ACD 135)
  • 1990 2 fisker og 5 brød ( AC119 / ACD 131)
  • 1991 Flere slike dager (ACD 121)
  • 1991 Paulus (AC 125 / ACD 140)
  • 1992 Sareptas krukke (AC 126 / ACD 143)
  • 1993 Lyse tider ( ACD 129)
  • 1994 Sakkeus (ACD 131)
  • 1995 Hurra for søndagsskolen (AC/ACD 133)
  • 1995 Ansgar og Vikingene ( Jubileumsmusikal – Kirka
  • 1995 1000 pr / ACD 132)
  • 1996 Josef (AC /ACD 134)
  • 1997 Den bortkomne sønnen (AC/ ACD 135)
  • 1997 Nikolas fra Patara ( ACD 135)
  • 1998 Moses (AC/ ACD 139)
  • 1998 Abraham, Isak og Jakob ( ACD 138)
  • 1998 Peter ( ACD 140)
  • 1999 Frans av Assisi ( ACD 142)
  • 1999 Historien om Jesus ( Vedr. år 2000 /
  • 1999 Bestillingsverk / ACD 143)
  • 2000 Sancta Lucia (ACD 145)
  • 2001 Rødhette og Ulven (ACD 149)
  • 2002 Jalmar (NORDEA)
  • 2005 Piken med fyrstikkene ( ACD151)
  • 2006 Kirkegata ( ACD 152)
  • 2006 Skippergata (ACD 153)
  • 2007 Sankt Sunniva ( ACD 154 )
  • 2008 Henrik Wergeland og Abrahams barn (ACD 158)
  • 2009 Den blinde Bartimeus - Syngespill ( ACD159)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar