Ivar Tufte
| Ivar Tufte | |||
| Fødd | 8. januar 1875 Hol kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | april 1962 (87 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Høgre | ||
| Yrke | politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Ivar Engebretsen Tufte (8. januar 1875–3. april 1962) var ein norsk postopnar, gardbrukar og politikar frå Hol i Buskerud, busett i Flå kommune. Han var stortingsrepresentant 1931-33 frå Buskerud.
Tufte var 1900-17 styrar av Flå Spareforretning og 1901-45 postopnar i Flå. 1914 kjøpte han eit gardsbruk sentralt i Flå og dreiv dette jamsides. I 1920 gjorde han opptakta til Flå Sparebank og var kasserar i banken til 1944. Han var forlikskommissær 1912-40 og formann i Flå provianteringsråd 1915-21.
Tufte var medlem i heradsstyret 1910-31, ordførar i ni år, 1920-28. Han var heradsstyremedlem på ny 1934-40. Valbolken 1931-33 representerte han Buskerud og partiet Høgre i Stortinget, og var medlem i Landbrukskomiteen. I 1945 møtte han i Stortinget som varamann.
Tufte var 1932-46 formann i Postopnernes Landsforbund og 1934-49 styreformann i Flå Kraftforsyning. I 1952 vart han tildelt Kongens fortenstemedalje i sølv. Tufte var ein «meget lun og omgjengelig mann».[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Stortingsmann Tufte død». Drammens Tidende og Buskeruds blad (Drammen). 3. april 1962. s. 2.