Ivarsøyo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ivarsøy)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivarsøyo
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 18

Ivarsøyo
59°54′41″ N 5°14′4″ E

Ivarsøyo er ei øy i Fitjar kommune i Fitjarøyane, vest for sjølve Fitjar sentrum.

Garden på øya er truleg den eldste i Fitjarøyane. Her er ikkje gjort nokre fornfunn som tidfestar garden, men ein har funne ei steinøks og ei hakke av grønstein.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ivarsøyo ligg med Engesundøyo, Gloppholmen og Litla Eldøy i aust, Hjelmen i søraust, Straumøyo i sørvest, Ålforo, Avløypet og Longøyo i vest og Siglo i nord.

Øya har eit areal på 3,2 km², er 4,2 km lang og kring 1,3 km på det breiaste.

Det høgaste punktet på øya er Storhaugen på 75 meter over havet. Det ligg tre større vatn på øya, Ivarsøyvatnet, Botnavatnet og Sætravågsvatnet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Første delen av namnet kjem av mannsnamnet Ivar. Namnet har gjennom hundreåra vorte skrive forskjellige, frå Iffuersøen i 1597, Yffuersøen i 1605, Iffuersøennn i 1610, Iffrsøenn i 1611, Iffersenn i 1612, Iffersøen i 1630, Ifuersøen i 1668, Iversøyen i 1701, Iversøen i 1715, Ivarsøen i 1890. Namnet vert no skriven Ivarsøy, som òg er slektsnamnet frå staden.

Namnet vart første gongen nemnd i dokument i 1597.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ivarsøyo høyrde truleg til Fitjargarden i gamal tid, så kongen var då eigar. Ein gong i mellomalderen vart Allehelgensgodset og Utstein klostergodset slått i saman til eit len. I 1670- og 1680-åra kjøpte gjestgjevaren i Engesund Ivarsøyo med Engesund og garden vart driven av gjestgjevarane ei tid, frå 1772 til 1776 då brukarane kjøpte. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Gjestgivarstaden Engesund låg under Ivarsøy. Garden hadde ei kvern, og frå Litlavatnet på øya til Ivarsøyvågen var vassføringa nok til ei flaumkvern. Jorda var ring og tungbrukt, men var bra til kornavl.

I følgje segna budde den første manne i Ivarsøyo, Ivar, i Gulluro, som ligg før ein kjem inn på Ivarsøyvågen frå Fitjar på sørsida. Her er de tein del murar etter hus. Segna seier at Ivar drukna i Ivarsøyvatnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge. 1. Fitjar.