Ivarsøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ivarsøyo)
Ivarsøy
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Postnummer 5419 FITJAR
Gardnummer 18
Kart
Ivarsøyo
59°54′41″N 5°14′04″E / 59.91139°N 5.23433°E / 59.91139; 5.23433

Ivarsøy er ei øy i Fitjar kommune i Fitjarøyane, vest for sjølve Fitjar sentrum.

Garden på øya er truleg den eldste i Fitjarøyane. Her er ikkje gjort nokre fornfunn som tidfestar garden, men ein har funne ei steinøks og ei hakke av grønstein.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Ivarsøy ligg med Engesund, Gloppholmen og Litla Eldøy i aust, Hjelmen i søraust, Straumøy i sørvest, Ålforo, Avløypet og Langøy i vest og Siglo i nord.

Øya har eit areal på 3,2 km², er 4,2 km lang og kring 1,3 km på det breiaste.

Det høgaste punktet på øya er Storhaugen på 75 meter over havet. Det ligg tre større vatn på øya, Ivarsøyvatnet, Botnavatnet og Sætravågsvatnet.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Første delen av namnet kjem av mannsnamnet Ivar. Namnet har gjennom hundreåra vorte skrive forskjellige, frå Iffuersøen i 1597, Yffuersøen i 1605, Iffuersøennn i 1610, Iffrsøenn i 1611, Iffersenn i 1612, Iffersøen i 1630, Ifuersøen i 1668, Iversøyen i 1701, Iversøen i 1715, Ivarsøen i 1890. Namnet vert no skriven Ivarsøy, som òg er slektsnamnet frå staden.

Namnet vart første gongen nemnd i dokument i 1597.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ivarsøy høyrde truleg til Fitjargarden i gamal tid, så kongen var då eigar. Ein gong i mellomalderen vart Allehelgensgodset og Utstein klostergodset slått i saman til eit len. I 1670- og 1680-åra kjøpte gjestgjevaren i Engesund Ivarsøy med Engesund og garden vart driven av gjestgjevarane ei tid, frå 1772 til 1776 då brukarane kjøpte. Seinare har brukarane vore sjølveigarar.

Gjestgivarstaden Engesund låg under Ivarsøy. Garden hadde ei kvern, og frå Litlavatnet på øya til Ivarsøyvågen var vassføringa nok til ei flaumkvern. Jorda var ring og tungbrukt, men var bra til kornavl.

I følgje segna budde den første mannen i Ivarsøy, Ivar, i Gulluro, som ligg før ein kjem inn på Ivarsøyvågen frå Fitjar på sørsida. Her er de tein del murar etter hus. Segna seier at Ivar drukna i Ivarsøyvatnet.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2]
11 32

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet
  • Simon Steinsbo (1986). Fitjar bygdebok - Gards- og ættesoge 1. Fitjar.