Ivarsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ivarsfjord (samisk Vuoiddasvuotna) er ein fjordarm av Hopsfjorden i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 3,5 km nordaustover til Ivarsfjordbotnen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Ytre Værnes i vest og Indre Hopsneset i aust. Bygda Ivarsfjord ligg på vestsida av fjorden. På austsida ligg ein liten gard ved ein ås kalla Sukkertoppen. To holmar ligg i fjorden, Torvholmen og Sandholmen.

Fv264 går langs begge sider av fjorden. Koordinatar: 70°48′30.928″N 27°59′5.7264″E