Ivel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivel frå 1905.

Ivel var eit traktormerke frå den britiske produsenten «Ivel Agricultural Motors Ltd.», traktoren var på marknaden frå 1902 til 1916. Ivel skilde seg frå andre merke på denne tida ved at han var særs lett med relativt høg motorstyrke, 24 hk. Traktoren hadde ein masse på 1680 kilogram. Andre karakteristikkar for Ivel var tre hjul og at motoren var ein tosylindra boxermotor.

Denne etter tida gode spesifikasjonen for køyretøyet kan vere årsaka til at Isach ColdevinDønnesgodset valde Ivel då han skaffa den første traktoren til Noreg i 1908.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]