Iver A.R. Ræstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iver A.R. Ræstad

Fødd13. februar 1863
Død1. februar 1946 (82 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkebonde
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (1910–1912)
  • vararepresentant til Stortinget (1913–1915)
  • stortingsrepresentant (1916–1918)
  • vararepresentant til Stortinget (1919–1921) Sjå dette på Wikidata

Iver Andreas Rasmusson Ræstad (13. februar 18631. februar 1946) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Midsund. Han representerte VenstreStortinget i åra kring fyrste verdskrigen.

Ræstad var son til ein gardbrukar Otterøya i dåverande Aukra herad. Frå 1877 dreiv han kvar vinter fiskje i 35 år framover, styresmann i over 20 år. Åra 1919-34 var han oppsynsbetjent i fiskeria på Romsdalskysten. Han gjekk på amtsskulen i 1882 og -84. I 1886 kjøpte han farsgarden, til dess eit leiglendingsbruk, og dreiv sidan garden i lang tid.

Han var medlem av heradsstyret 1902-07, og hadde mange kommunale og private verv i Aukra. Etter Sør-Aukra herad var skilt ut, var han 1925-27 varaordførar i heradet.

Ræstad var varamann frå Romsdal krins ved stortinga 1910-12 og 1913-15. I 1912 møtte han på tinget i tida 2. mai-29. juni i staden for Ole Høstmark, medlem av Konstitusjonskomiteen. To år seinare var han med i Jarnbanekomiteen då han erstatta Birger Stuevold-Hansen. Valperioden 1916-18 var Ræstad Romsdal krins sin faste tingrepresentant. Han var då medlem i Konstitusjonskomiteen. I si tredje periode som varamann til Stortinget, 1919-21, møtte han i tre veker etter 1921-sesjonen var opna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]