Iver Andreas Günther Holter
Utsjånad
Iver Andreas Günther Holter | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. juni 1781 Drammen kommune |
Død |
19. mai 1860 (78 år) |
Yrke | jurist, politikar |
Språk | norsk |
Iver Andreas Günther Holter (fødd 21. juni 1781 i Drammen, død 19. mai 1860 i Drammen) var ein norsk jurist, kjøpmann og stadskaptein i Drammen. Han var òg tilsett i tollvesenet.
I 1814 var han medlem av vernepliktskomiteen sett ned av Riksforsamlinga. Han var ikkje medlem av sjølve Riksforsamlinga, men var andrerepresentant frå Drammen til Omframstortinget i 1814.
Holter var gift to gonger; fyrste gong med Elen Lange, dotter av magasinforvaltaren på Akershus festning, Andreas Lange og andre gong med Vilhelmine Margrethe Rode, dotter av major Georg Frederik Rode og Wilhelmine Stockfleth.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet, 1814-1914. B. 1 D. 1 : Biografier A-K digital utgåve side 405
- Biografisk informasjon om Iver Andreas Günther Holter NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv