Iver J. Svendsbøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Iver J. Svendsbøe
Fødd 15. mars 1848
Død

20. januar 1927

Iver Jonasson Svendsbøe (15. mars 184820. januar 1927) var ein norsk gardbrukar og lensmann frå dåverande Sveio i Hordaland, i dag Vindafjord i Rogaland. Han var stortingsmann frå 1891 til -97 og 1900-15, og representerte etter tur Moderate Venstre, Samlingspartiet og Frisinna Venstre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Svendsbøe var son til ein gardbrukar. Han tok eksamen ved underoffisersskulen i Bergen i 1870 og var underoffiser i tida 1871-91, dei siste ni åra med rang fanejunker. Frå 1874 var han gardbrukar på Kvamstø i Sveio. Åra 1880-90 var han kontorist hos byingeniøren i Bergen. I tida frå 1891 til 1911 var han lensmann i Fjellberg. Han var styrar av Noregs Bank si avdeling i Haugesund frå 1910.

Svendsbøe var varamann til Stortinget 1889-91 og møtte sju dagar i juli 1891, i staden for Andreas Lavik. I dei to valperiodane frå 1892 til -97 hadde han fast plass på Stortinget, vald på programmet til Moderate Venstre. Han var medlem i Militærkomiteen, nestformann i komiteen i den andre treårsperioden. Frå hausten 1900 til 1915var han stortingsmann utan avbrot, dei siste tre gongane vald frå einmannskrinsane høvesvis Indre Sunnhordland og Ytre Sunnhordland. I denne siste tidarbolken hadde han mange ulike posisjonar på Stortinget. Mellom anna var han medlem i Vegkomiteen 1900-03, sekretær i Stortinget 1900-03 og 1910-12, sekretær i Valkomiteen 1903-12, sekretær i Militærkomiteen 1908-09 og nestformann 1910-12, samt medlem 1913-15. Han representerte Moderate Venstre fram til 1906, Samlingspartiet 1907-09 og sidan Frisinna Venstre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]