Iver O. Lunde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Iver O. Lunde
Fødd2. november 1828
Død14. september 1904 (75 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Iver Olsson Lunde (2. november 182814. september 1904) var ein gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Vågå i Oppland.

Lunde tok over farsgarden Lunde i Våga i 1859. Han var fleire år ordførar i heradsstyret, forlikskommissær og sparebankdirektør. Lunde representerte Kristians amtStortinget 1868-69 og 1871-73. I den fyrste perioden var han medlem av militærkomiteen, i den andre av kyrkjekomiteen.

Han døydde på slektsgarden i Våga i 1904.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914