Ivo Sanader
Ivo Sanader | |
![]() | |
Fødd | 8. juni 1953 Split |
Verv | Statsminister i Kroatia |
Periode | 2003-2009 |
Føregjengar | Ivica Račan |
Etterfylgjar | Jadranka Kosor |
Ivo Sanader på Commons |
Ivo Sanader, tidlegare Ivica Sanader,[1] (fødd 8. juni 1953 i Split) er ein kroatisk politikar, og statsminister i Kroatia frå 23. desember 2003 til 6. juli 2009. Han leia høgrepartiet Hrvatska demokratska zajednica (HDZ), (Den kroatiske demokratiske unionen) frå 2002. HDZ er partiet til den nasjonalistiske presidenten i Kroatia på 1990-talet, Franjo Tudjman. Sanader freista å distansera seg sjølv og partiet frå den nasjonalistiske fortida og gjera partiet til eit moderne europeisk høgreparti. Ved parlamentsvalet 23. november 2003 vart HDZ det største partiet med 33,9 % av røystene, og Sanader skipa regjering.
20. november 2012 blei han dømd til ti års fengsel for korrupsjon i løpet av tida si som statsminister av ein domstol i Zagreb.[2][3]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Prime Minister Earned His Doctoral Degree as Ivica
- ↑ Kroatiens Ex-Regierungschef muss zehn Jahre in Haft Die Welt nettutgave, besøkt 20. november 2012
- ↑ Croatia jails ex-PM Ivo Sanader for taking bribes The Guardian nettutgave besøkt 20. november 2012
|