Ivo Van Damme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivo Van Damme
Fødd 21. februar 1954
Brussel
Død

29. desember 1976
Orange

Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar

Ivo Van Damme (21. februar 195429. desember 1976) var ein belgisk mellomdistanseløpar som vann to sølvmedaljar under Sommar-OL 1976.

Van Damme fekk sitt internasjonale gjennombrot då han tok sølvmedaljen på 800 meter under innandørs-EM i friidrett 1975 i polske Katowice. Seinare i 1975 slo han den 20 år gamle landsrekorden til Roger Moens.

Våren 1976 sigra Van Damme på 800 meter ved innandørs-EM i München. To veker framom Sommar-OL i Montreal forbetra han den belgiske 1500 meters-rekorden til 3.36,2, og melde seg såleis på i favorittsjiktet også på den distansen. Under sommarleikane var han i realiteten sjanselaus mot kubanaren Alberto Juantorena på oppløpssida på 800 m. Juantorena fekk tida 1.43,50, medan Van Damme kom i mål til sølvmedalje på 1.43,86, belgisk rekord til denne dag (2016). Seks dagar etter 800-meteren tok Van Damme ein ny sølvmedalje, på 1500 meter kom han i mål like bak John Walker frå New Zealand og tett framom vesttyskaren Paul-Heinz Wellmann.

Van Damme omkom romjula 1976 i ei bilulukke ved Bollène i Sør-Frankrike, på veg heim frå ein treningsleir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]