Izer Aliu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izer Aliu
Statsborgarskap Nord-Makedonia, Noreg
Fødd 1982 (42 år)
Nord-Makedonia
Yrke filmregissør, manusforfattar

Izer Aliu (fødd 1982 i Makedonia) er ein norsk-makedonsk filmregissør.[1] Han debuterte som regissør av kortfilmar i 2012 med Å vokte fjellet; eksamenfilmen hans ved Den Norske Filmskolen.[1] Filmen fekk Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2012.[2]

Den neste kortfilmen hans var Det gode livet, der borte frå 2014, den vart nominert til Amandaprisen i klassen for beste kortfilm i 2014.[3]

I 2016 debuterte Aliu som spelefilmregissør med filmen Fluefangeren. Han fekk Amandaprisen for beste regi for filmen i 2017.[4] Same år vart Fluefangeren nominert til Nordisk råds filmpris frå Noreg.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lillian Bikset. «Izer Aliu». Store norske leksikon. Henta 9. september 2017. 
  2. Øystein David Johansen, Borghild Maaland, Mathias Reierth og Tommy Brakstad (17. august 2012). «Amanda-show med litt Hollywood-glam». VG. Henta 9. september 2017. 
  3. Pernille Middelthon (16. august 2014). «Amandaprisen 2014». Filmmagasinet. Henta 9. september 2017. 
  4. «Her er Amandavinnerne 2017». Filmfestivalen.no. Henta 9. september 2017. 
  5. «Nominerte til Nordisk råds filmpris 2017». Norden.org. 22. august 2017. Henta 9. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]