Izjoraplatået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Izjoraplatået (russisk Ижорская возвышенность - Izjorskaja vozvsjennost) er eit platå sørvest i Leningrad oblast i Russland som består av kalkstein frå ordovicium. Platået ligg mellom Finskebukta i nord og Luga i sør. Nordenden er danna av ei erosjonsklippe kalla Baltisk klint. Den høgaste delen av platået er Orekhovayaåsen i Duderhovhøgdene på 176 meter over havet, lengst nordaust på platået. Platået er stort sett dekt av jordbruksland. Området var tidlegare hjarte i den historiske regionen Ingermanland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]