Izmajil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Izmajil
Ізмаїл
by
Hamna i Izmail
Flagg
våpen
Land  Ukraina
Oblast Odessa oblast
Rajon Izmajilskyj rajon
Koordinatar 45°21′N 28°51′E
Areal 53 km²
Folketal 73 336  (2012)
Folketettleik 1 384 / km²
Kart
Izmajil
45°21′29″ N 28°50′44″ E
Wikimedia Commons: Izmail
Nettstad: izmail.odessa.gov.ua

Izmajil (ukrainsk Ізмаї́л; russisk og bulgarsk Измаил; rumensk Ismail eller Smil; tyrkisk İşmasıl eller Hacidar; polsk Izmaił) er ein historisk by ved Donau sørvest i Ukraina. Byen er det administrative senteret i Izmajil rajon (distrikt) i Odessa oblast (provins) og den største ukrainske hamnebyen ved Donau. Byen er eit senter for matproduksjon og eit populært regionalt turistmål . Den ukrainske marinen og Den ukrainske kystvakta har begge basar her.

Byen har i dag kring 75 000 innbyggjarar (2012).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Erobringa av Izmail vart målt av Aleksej Kivsjtsjenko (1851–97) i 1877. Det viser byen under den niande russiske tyrkarkrigen i 1790

Byen vart bygd av genovesiske handelsmenn på 1200-talet. Første gongen byen vart nemnt, var det under namnet Şmil, oppkalla etter ein tyrkisk storvisir.

På midten av 1400-talet tilhøyrde byen Moldavia, men i 1484 kom han under osmansk tyrkisk herredøme. I 1770, etter å ha vorte angripen av Russland, vart byen forskansa så sterkt at sultanen uttalte han var ein by som ikkje kunne erobrast av nokon hær. Men russarane greidde å ta byen i 1790 (under den russisk-tyrkiske krigen (1787–1792)). Denne sigeren vart temaet for den første nasjonalsongen til Russland, «Rom pobedy razdavajsia!» Ved slutten av krigen vart Izmail gjeve tilbake til Det osmanske riket. Men russarane tok byen att i 1809. Ved Bukaresttraktaten vart heile Bessarabia som Izmajil var ein del av, overteke av Russland. Då Russland tapte Krimkrigen, vart området gjeve til Moldavia. Seinare vart byen ein del av Donaufyrstedømma (Valakia og Moldavia). Då Donaufyrstedømma vart sameint med Transilvania i 1918, vart Izmail ein del av Romania. Byen var rumensk til 1940Sovjetunionen overtok. I 1941 vart Bessarabia igjen okkupert av rumenarane. Då andre verdskrigen slutta, vart Izmajil igjen ein del av Sovjetunionen. Sidan august 1991 er Izmail ein del av den sjølvstendige republikken Ukraina.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Izmajil