Järnforsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 57°24′32.728″N 15°36′54.018″E

Järnforsen 1937

Järnforsen er ein tettstad i Hultsfreds kommun i Kalmar län i Sverige. I 2005 hadde tettstaden 539 innbyggjarar.

Kyrkja i Järnforsen, Järeda kyrka, er frå 1771 og ligg ved breidda av Järnsjön like sør for tettstaden. Midt på 1980-talet blei det oppdaga at store mengder PCB lekka ut i Austersjøen frå Järnsjön. I 1993 – 1994 blei det derfor gjennomført eit pilotprosjekt der innsjøen blei sanert ved mudring. Ein sugde gifta opp frå botn og deponerte den på land, så i dag er Järnsjön ein fin innsjø å bade i.

Emån var viktig for den industrielle utviklinga på staden. Det same var jernbanen VetlandaMålilla som blei innvigd i 1906. Trafikken der tok slutt i 1961, men i 1987 kom det ein ny jernbane til Järnforsen. Då blei Emådalsbanan etablert. Han knyter saman industrianlegga i Vetlanda-Järnforsen-Pauliström.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]