Jåle-Ragnhild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jåle-Ragnhild er namnet på ein springar som har vore mykje nytta i Telemark, men som og er funnen i Hardanger. Slåtten er og kalla Høybøen eller Madsson. Han har namn etter ei jente som heldt seg mykje med arbeidskarane som arbeidde med gruvedriftGullnes. Ho skulle vera fæl til å danse og jåle seg til for karane. Til slåtten høyrer og ei kjend slåttestev-vise, som var nytta av både Talleiv Røysland og Aslak Brekke. Brekke sin variant er og kalla Madsdøla:

Ingen hev havt so mange dumparar som eg
Eg ha Jon skomakar, eg ha Gjermund Smed,
Eg ha Halvor Trampe og ein Gjermund te,
Trallilallila...
Høgast uppi loftet reidd me kon ei seng
Far, han er no so amper og streng
det er slettes inkje visst at dette gjeng.
Kjære snille søte gode fa`i min,
du må plent lata dei få sleppe inn,
det va Jon Skomakar, det va Gjermund smed,
det var Halvor Trampe og ein Gjermund te,
Aslak Smultepotta, han låg attefe,
Olav Smolteholi, han va au vel med, trallila...
Alli kan vel skjøne hoss det han hava seg
at alle gutar er so galne ette meg.
Uti tunet spring dei, hoppar opp og ned,
spring og kjæter seg, plent som bukkekje. Trallilalila...

Variantgruppa[endre | endre wikiteksten]

Slåtten har variantnr 487 i Hardingfeleverket, og det er samla fem variantar av slåtten, for det meste frå Telemark. Slåtten er gamal i Tinn.

  • a: Morten Sålebindar, etter Johannes Dale, Tinn. Nedskrift Eivind Groven 1961 (G 1293, NRK magn. 951). Ein såldbindar er ein som lagar såld (eit kar med hol i botn til selding). Morten Sålebindar var ein som gjekk ikring og batt såld av tunne tægar. Stev: Jeg kjenner Morten Sålebindar jeg, han vil komme opp i senga til meg (Kjetil Løndal).