Jærsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jærmål)
Jærsk
Tala på: Vestlandet
Kommune: ,
Klepp,
Time,
Gjesdal,
Bjerkreim
Klassifisering: sørvestlandske målføre

Jærsk eller jærmål er namnet på talemålet som jærbuen nyttar. Det høyrer til dei sørvestlandske målføra. Sjølv om Jæren i realiteten er det flate kystområdet mellom for Tungenes fyr i Randaberg og Ogna i , der Dalane tek til, omfattar ikkje det jærske talemålet heile Jæren. Ein kan avgrensa talemålet for innbyggarane i kommunane Time, Klepp, Hå, Bjerkreim og Gjesdal. I kommunane Stavanger, Sola og Randaberg snakkar dei stavangersk, og i Sandnes kommune snakkar dei sandnesdialekt (gaugamål). Sandnesdialekten har derimot fleire likskapar med jærsk.

Som i alle målføre finst det skilnadar; spesielt mellom den nordlege og sørlege talemåten. I nord får dialekten meir likskapar til stavangersk og dialekten i Sandnes sentrum, medan i sør liknar dialekten meir på dialekten i Dalane. Det finst òg geolektisk og sosiolektisk variasjon; talemåten varierer frå kor på Jæren ein er frå og kva sosioøkonomisk bakgrunn ein har.

Det finst variasjon innan jærsk. Den største er kanskje bruken av pronomenet «oss»: Nord for Håelva er «osse» dominerande, medan bruken av «okke» pregar talemåten sør for elva.
Foto: Jarle Vines (2008)

Fonetiske kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Jærsk inngår som eit sørvestlandsk talemål. Det inneber at det er i same dialektgruppe som sognamål, sunnhordlandsdialekt og ryfylkedialekt, blant anna. Jærsk har mange fonologiske kjenneteikn.

  • Lange vokalisme: Jærmålet har mange lange stavingar. Dette inneber at rotvokalane i mange ord blir forlengde. Ord som kjøtt og koma, til dømes, får lang vokal: /kjø:d/ og /ko:ma/, der /ø/- og /o/-fonema er lange.
  • /r/-lyden: Som mange av dei andre sørvestlandske dialektane, er den eldre /r/-lyden gått ut av språket. Fonemet i jærmålet i dag er ein stemt uvular frikativ, altså ein skarre-r, med IPA-teikn: [ʁ].
  • kj-lyden: Det er ein sterk tendens til at den palatale frikative fonemet, [ç], forsvinn frå dei sørvestlandske talemåla, spesielt blant yngre. I motsetnad til stavangermålet, der [ç]-lyden er totalt vekke blant dei yngre språkbrukarane, held denne lyden seg i jærmålet. Denne utviklinga er i tråd med William Labov sine sosiolingvistiske teoriar om at innovative språktrekk «hoppar» frå eit språksamfunn til eit anna, men nødvendigvis ikkje spreier seg ut til sitt omland.
  • a-infinitiv: Jærmålet har a-infinitiv på alle verb,noko som ikkje har endra seg sidan norrønt. Det er ein tendens til at yngre i Stavanger byter denne ut med e-infinitiv; ein tendens som ikkje er å finna igjen i jærmålet.
  • Diftongering: Talemålet har ikkje gjennomgått monoftongering; diftongane har ikkje blitt forenkla, men held seg.
  • Lenisering: Når konsonantar går frå å vera ustemt til å bli stemt, kallar ein det for blaute konsonantar. I jærmålet vil konsonantane /k/, /p/ og /t/ gå over til /g/, /b/ og /d/ i visse tilfelle. Det er berre lukkelydar. som kan bli stemte i jærsk. Det er altså dei konsonantane som er inne i ordet, som ofte kjem etter ein vokal. Ordet kake vil derfor bli uttalt som /ka:ga/, der berre det andre /k/-fonemet er blitt stemt.
  • Differansiering: Visse konsonantsamband, som /-rn/ og /-vn/, vil få ein differansiert uttale. Med andre ord vil dei ulike konsonantsambanda bli meir ulike. Ord som <garn> og <havn> vil bli realisert som [gadn] og [habn].
  • Segmentering: I jærmålet vil visse, enkle konsonantsegment bli to. Som til liks med andre sørvestlandske talemål, vil segmentet /l/ i ord med kort rotvokal bli todelt: /dl/. Dette gjeld ord som alle > /adle/, fjell > /fjedl/ og rallar > /radlar/. Denne fonologiske regelen er avstiva, og vil vera mest gjeldande på etablerte høgfrekvente ord.
  • Vokalsenking: I jærsk vil ofte vokalen bli senkt. Konkret gjeld dette /e/-lyden som blir «opnare»: /e/ > /æ/. Fonetisk sett går [e] til [ɛ] og [æ] i høgfrekvente ord, som pronomen og sterke verb. Pronomenet eg vil på jærsk bli realisert som [ɛ:g] eller [æ:g]. Verbet å koma i presens får uttalen [kjɛ:mə] på jærsk, medan å ta i presens blir realisert som [tæ:gə].

Substantiv[endre | endre wikiteksten]

Substantiva i jærsk har tre grammatiske kjønn: hankjønn, hokjønn og inkjekjønn. Det er totalbortfall av kasus i jærsk når det kjem til substantiv. Grammatisk sett har ikkje jærsk ein distinksjon mellom svake og sterke hokjønnsord; talemålet har mist den særeigne bøyinga for sterke hokjønnsord, som mange andre sørvestlandske målføre har. Dialekten opererer med same bøying for svake og sterke substantiv i hokjønn. Likevel har jærsk ei eiga bøying for hokjønnsord som sluttar på -ing, noko som òg er reflektert i nynorsk.

N̩ n̩

Hankjønn[endre | endre wikiteksten]

Alle hankjønna i jærsk får en-endinga i bestemt form eintal, og stort sett bøygd med a- og ane-ending i fleirtal, som ein kan sjå i bøyingsparadigmet nedanfor.

Substantiv, hankjønn
Døme: hest Eintal Fleirtal
Ubestemt form En hest Fleire hesta
Bestemt form Den hestn̩ Dei hestane

I likskap med mange andre målføre har jærsk ein syllabiseringsregel i bestemt form eintal: Den fremre urunda vokalen /e/ i en-endinga vil bli redusert til ein stavingsberande nasal. I dette tilfelle er det eit bortfall av fonemet /e/ når det blir redusert.[1] Heilt konkret utartar denne regelen seg slik:
hesten > /hestn̩/
I andre omgjevnader, etter plosivar som /k/ og /p/ blir ikkje /e/-fonemet redusert, men blir realisert som [en] eller [ɛn] slik:
sekken > /seken/<ref name = fonologi>

Jærsk har òg mange hankjønnsord som har halde på gammalt bøyingsmønster frå norrøn tid. Norrønt hadde hankjønnsord som fekk ir-ending i fleirtal, som ‘bygðir’, fleirtal av ‘bygder’. Maskuline ord som har gjennomgått same utviklinga som ‘bygder’ – der endinga ir har gått over til er i jærsk er mellom anna:

  • ‘sau’ som kjem frå norrøne ‘sauð’ ‘vegg’, ‘dag’, ‘fot’

Hokjønn[endre | endre wikiteksten]

Substantiv, svakt hokjønn
Døme: hylle Eintal Fleirtal
Ubestemt form Ei hylla Fleire hylle
Bestemt form Den hyllå Dei hyllene
Substantiv, sterkt hokjønn
Døme: bok Eintal Fleirtal
Ubestemt form Ei bog Fleire bøge
Bestemt form Den bogå Dei bøgene

Merknad: Alle svake hokjønnsord får a-ending i ubestemt eintal.

Inkjekjønn[endre | endre wikiteksten]

Substantiv, inkjekjønn
Døme: hus Eintal Fleirtal
Ubestemt form E(i)t hus Fleire hus
Bestemt form Det huse Dei huså

Merknad: Trykktunge ho- og hankjønnsord som sluttar på -n i ubestemt eintal, får hankjønnsbøying i bestemt form, men mistar n-uttalen i bestemt form eintal. Denne endringa har ikkje verknad på tonelaget. Døme: strand, sand, hund og mann

Substantiv, hankjønn
Ubestemt form Bestemt form Bestemt form
strand (f.) straen den strandå
sand (m.) saen den sanden
hund (m.) hoen den hunnen
mann (m.) maen den mannen

Verb[endre | endre wikiteksten]

I vanleg nynorsk deler me ofte inn verba i tre ulike grupper: a-verb, e-verb og sterke verb. I tillegg kjem j-verba, altså ord som vert bøygd svakt i fortid, sterkt i presens. Telja og velja er døme på j-verb. På jærsk er det ikkje like sterke skillelinjer mellom desse verbklassane. Alle verb på jærsk vert bøygd likt i presens, med redusert -e. Verb som , slå og har sjølvsagt eit anna ulikt bøyingsparadigme enn dei andre verba.

Sterke verb
Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
å skriva skri:va Skri:və skreiv He skre:ve
å eta e:da E:də åd He e:de
å ta ta tæ:ge tu:g He tu:ge

I nynorsk verbbøying har me to ulike klassar av svake verb: a- og e-verb. På jærsk er det likevel få skilnadar mellom desse verbklassane; i visse tilfelle får a-verb e-verbbøying. Legg òg merke til mangelen på -ar-ending i presens. Døme: å hoppa.

Svake verb
Infinitiv Presens Preteritum Perfektum
Nynorsk Hoppa/-e Hoppar Hoppa Har hoppa
Jærsk Hoppa Hoppe / høppe Hoppte He hoppt

Pronomen[endre | endre wikiteksten]

Personlege pronomen
Nominativ Akkusativ
Eintal 1. person Æg Mæg
2. person Du Dæg
3. person Han, Hu Han (an), Hu/Na (Henna)
Fleirtal 1. person Me Oss / Okke
2. person De / Dokke Dokke
3. person Dai Dai
Eigedomspronomen
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn
Eintal 1. person Min Mi Min
2. person Din Di Din
3. person Hans Hennas -
Fleirtal 1. person Våras / Okka Våras / Okka Våras / Okka
2. person Dokkas Dokkas Dokkas
3. person Deira Deira Deira


Adjektiv[endre | endre wikiteksten]

Jærsk adjektivbøying skil seg frå nynorsk på eit par område.

  • Svarabhaktivokal til ending i ubunden form hankjønn og hokjønn eintal positiv.
  • Den bundne forma av adjektivet vert bøygd i kjønn og tal; hokjønn og inkjekjønn eintal skil seg frå hankjønn eintal og alle kjønn fleirtal. Dette gjeld både positiv og superlativ. "Hu litla jentå" skil seg til dømes frå "dei rare folkå" eller "den store bilen". Jamfør nynorsk "den vesle jenta", "dei rare folka" og "den store bilen". Den bundne bøyinga følgjer i prinsippet endingane til linne substantiv.
Adjektiv, positiv
Døme: høg hankjønn eintal hokjønn eintal inkjekjønn eintal fleirtal
Ubestemt form E(i)n høge hest Ei høge hylla Eit høgt hus Fleire høge hus
Bestemt form Den høge hest(e)n Den høga hyllå Det høga huse Dei høge huså
Adjektiv, superlativ
Døme: høg hankjønn eintal hokjønn eintal inkjekjønn eintal fleirtal
Ubestemt form Kæ e høgast av hesten, hyllå og huse?
Bestemt form Den høgaste hest(e)n Den høgasta hyllå Det høgasta huse Dei høgaste huså

Merk at fordi dei ubestemte e-endingane i hankjønn og hokjønn eintal opphavlag er svarabhaktivokalar, vert denne forma uttalt med forskjellig tonelag frå dei bundne og fleirtalsformene. Til dømes vil "tunge ting" i eintal (ein tunge ting) bli uttalt med tonelag 1, ulikt "tunge ting" med tonelag 2 i fleirtal (tunge ting) eller bunden form (den tunge tingen eller dei tunge tingå), sjølv om dei forma av "tung" vert skrivne like eins. Ein lesar vil som regel kunne forstå kva for ei form det er snakk om ut frå samanhengen ordet står i, og uttale det riktig ved høgtlesing. Dersom adjektivet har tonelag 2 på eigehand, vil det ikkje vere nokon slik skilnad å snakke om; ta til dømes "ein heldige helt" mot "den heldige helten".

Spørjeord[endre | endre wikiteksten]

Nynorsk – jærsk
  • Kva – kæ
  • Kor – kor
  • Kven – kem
  • Kvifor – kæffor, kaffor, korfor
  • Korleis – kóss, kóssen, kólesst

Døme på utskrift av jærsk[endre | endre wikiteksten]

  • Frå Romarbrevet (1. kap.) på jærmål: Ja, æg giæræ qvær dag min bønnesta, æ dæ Guds viljæ æg ennaa eigong maa faa lukka a komma tæ dokke.
  • Frå Potla og græve av musikkgruppa Vind i garhol: "Hær på Jæren me potla og græve. Ja me potla og græv’åkke fram. Men alt dæ me potla og græve Så kjæme me’kje lengarr fram."
  • Frå "Resistansen" av Kaizers Orchestra frå 2001: "Her æ dæ russisk rullett kvær fredag / og på søndag ska dæ vær konfirmasjon / Fru Conradas he gitt klar beskjed, på søndag klokkå tåll / vil hu ikkje sjå en dråbe blod."

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kristoffersen, Gjert (2007), «Bestemt form entall hankjønn» (PDF), Å sjå samfunnet gjennom språket: heidersskrift til Helge Sandøy på 60-årsdagen 14.06.2007 (Oslo: Novus forlag), arkivert frå originalen (PDF) 12. august 2017, henta 20. desember 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]