Jærmålarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jærmalarar)

Jærmålarar er ei nemning på kunstmålarar som har lete seg inspirera av landskapet Jæren. Jarnvegen Jærbanen vart opna i 1878, og gjorde Jæren meir tilgjengeleg for reisande utanfrå. I denne tida var fleire kunstmålarar aktive på Jæren. Dei budde gjerne fast andre stader, men var på Jæren om somrane. Jærmålarar som Kitty Kielland og Nicolai Ulfsten var mykje på Jæren, og måla landskapsbilete. Ting som går att i bileta er jærstrendene med sanddyner, jærhus og torvtaking.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]