Jérémie

Koordinatar: 18°39′N 74°7′W / 18.650°N 74.117°W / 18.650; -74.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

18°39′N 74°7′W / 18.650°N 74.117°W / 18.650; -74.117

Jérémie is located in Haiti
Jérémie avmerkt på Haiti-kartet

Jérémie (haitisk: Jeremi) ein by i Haiti og hovudstad i departementet Grand’Anse i Haiti. Han hadde eit folketal på om lag 31 000 i 2003. Byen er nesten isolert frå resten av landet.

I 1964 vart 27 personar massakrerte under Jérémievesperen, ein massakre som vart utøvd av den haitiske hæren og av militsen Tonton Macoutes, etter at tretten medlemmer av Jeune Haiti tidleg i august 1964 hadde forsøkt å styrte regjeringa til diktatoren François Duvalier («Papa Doc»).

Jérémie vert gjerne kalla diktarbyen ettersom mange forfattarar, diktarar og historikarar, som Etzer Vilaire og Emile Roumer, er fødde der.

Far til forfattaren Alexandre Dumas den eldre, general Thomas-Alexandre Dumas, vart fødd i Jérémie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]