Jíři Skobla
| Jíři Skobla | |
| Statsborgarskap | Tsjekkoslovakia |
| Fødd | 16. april 1930 Praha |
| Død | 18. november 1978 (48 år) Praha |
| Idrett | friidrett |
| Tok del i | Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1960 |
Jíři Skobla (16. april 1930–18. november 1978) var ein kulestøytar frå Praha i Tsjekkoslovakia. Han vart europameister i øvinga i 1954. Skobla sin personlege rekord var på 18,52 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Skobla fekk sin internasjonale meisterskapsdebut under dei olympiske leikane i Helsingfors i 1952, der han vart nummer ni med 15,92 meter. Den 11. oktober same året støytte han i Praha 17,12 meter og vart den fyrste europearen over 17-metersstreken. Fram til 1957 forbetra han europarekorden i kulestøyt ytterlegare fem gongar. Siste gongen, 24. august 1957, landa kula hans på 18,01 m under eit stemne i Praha, og han vart dermed også den fyrste europeiske 18-metersstøytar.
Til europameisterskapen 1954 i Bern var Skobla favoritt. Med 17,20 meter vann han kuletevlinga framom Oto Grigalka og Heino Heinaste, som begge representerte Sovjetunionen. Også under sommarleikane 1956 i Melbourne var Skobla beste europear. Han vann bronsemedaljen med 17,65 m, bakom USA-amerikanarane Parry O’Brien, 18,57 m, og Bill Nieder, 18,18 m.
Fire utøvarar støytte kula over 17 meter i europameisterskapen i Stockholm i 1958. Briten Arthur Rowe med 17,78 m vart ein noko overraskande vinnar, medan Viktor Lipsnis frå Sovjetunionen tok sølv med 17,47 m. Skobla fekk bronsemedaljen med sine 17,12 m. Etter sju år som europarekordhaldar mista Skobla europarekorden i 1959 til italienske Silvano Meconi.
Skobla vart niandemann under Sommar-OL 1960 i Roma. To år seinare vart han nummer seks med eit støyt på 17,87 m ved EM i friidrett 1962 i Beograd. Den 13. oktober 1963 presterte han sitt livs lengste støyt då kula landa på 18,52 m i Bucuresti.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Jíři Skobla» frå Wikipedia på tysk, den 13. oktober 2014.
- Einskildmenn
- Fødde i 1930
- Døde i 1978
- Tsjekkoslovakiske friidrettsutøvarar
- Tsjekkiske friidrettsutøvarar
- Kulestøytarar
- Europameistrar i friidrett
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Tsjekkoslovakia
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Tsjekkoslovakiske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960