Jógvan við Keldu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jógvan við Keldu
Jogvan-vith-keldu-699.jpeg
Fødd30. januar 1944 (77 år)
Klaksvík
Statsborgar avFærøyane
PartiFólkaflokkurin
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
BarnGunvá við Keldu, Tóra við Keldu, Paetur vid Keldu

Jógvan við Keldu (fødd 30. januar 1944) er ein færøysk politikar i det konservative Folkepartiet (Fólkaflokkurin). Han var fram til desember 2005 olje-, industri- og innanriksminister i regjeringa på Færøyane. No er han representant frå Færøyane i Nordisk Råd.

Jógvan vart fødd i KlaksvíkFærøyane som son til Sigga Malena Rasmussen (kalla «Gigga») frå Kirkja og Theodor við Keldu frå Klaksvík. Etternamnet við Keldu er eit typisk færøysk namn; det har rota si i landskapskjenneteikn, og tyder «ved kjelda».

Han er gift med Betty Skaale frå Toftir, og dei har tre born saman, Gunvá, Pætur og Tóra við Keldu. Tóra var ein kjend symjar innan handikapidrett. Alle dei tre borna er kjende songarar på Færøyane, og Jógvan er ein profilert korleiar.

Som politikar sat Jógvan við Keldu i bystyret i Klaksvik frå 1971 til 1974, og var borgarmeister der frå 1981 til 1988 og frå 1993 til 2002. Han var representant i Lagtinget (nasjonalforsmalinga på Færøyane) frå 1988 til 1990. Frå 1998 til 2004 sat han i Nordisk Ministerråd.

Etter Lagtingsvalet i 2004 gjekk Fólkaflokkurin i koalisjon saman med det sosialdemokratiske Javnaðarflokkurin og det unionistiske Sambandsflokkurin. I regjeringa til Jóannes Eidesgaard vart han innanriksminister.

I ein tale i Nordisk Råd i november 2006 føreslo Jógvan við Keldu at alle i dei nordiske landa skulle læra seg svensk som andrespråk, for å hindra at skandinavar i framtida berre kan tala engelsk med einannan. [1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Alle skal tala svensk» Aftonbladet, 9. November 2006

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]