Jón Jósep Snæbjörnsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jón Jósep Snæbjörnsson
Verkeleg namn Jón Jósep Snæbjörnsson
Alias Jónsi
Fødd 1. juni 1977
AkureyriIsland
Aktive år 1997–i dag
Yrke Songar
Plateselskap Skifan (1995–2000)

Jón Jósep Snæbjörnsson, kjend som Jónsi, (fødd 1. juni 1977) er ein islandsk songar og medlem i musikkgruppa Í Svörtum Fötum.

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

Intern uttaking av RÚV i 2004[endre | endre wikiteksten]

Jónsi vart valt av Ríkisútvarpið (RÚV) til å representere Island i Eurovision Song Contest 2004 med songen «Heaven».

Eurovision Song Contest 2004[endre | endre wikiteksten]

Han starta som nummer 17 i finalen, etter Hellas med «Shake It» av Sákis Rouvás og før Irland med «If My World Stopped Turning» av Chris Doran.

Bidraget fekk fem poeng frå Monaco og Noreg og to poeng frå Danmark, Finland og Russland. Island fekk til saman 16 poeng og enda på 19. plass av totalt 24 bidrag.

Söngvakeppni Sjónvarpsins 2007[endre | endre wikiteksten]

I 2007 deltok han i Söngvakeppni Sjónvarpsins 2007 med songen «Segðu mér».

Dei starta som nummer fem i den andre semifinalen, etter «Mig dreymdi» av Hera Björk og før «Eitt símtal í burtu» av Guðrún Lísa. Bidraget gjekk vidare til finalen.

Han starta som nummer sju i finalen, etter «Húsin hafa augu» av Matthías Matthíasson og før «Þú tryllir mig» av Hafsteinn Þórólfsson. Det er ukjend kva for plass bidraget enda på.

Söngvakeppni Sjónvarpsins 2012[endre | endre wikiteksten]

Saman med Gréta Salóme og songen «Mundu eftir mér» deltok han i Söngvakeppni Sjónvarpsins 2012.

Dei starta som nummer tre i den fyrste semifinalen, etter «Rýtingur» av Fatherz'n'sonz og før «Stattu upp» av Blár Ópal. Bidraget gjekk vidare til finalen.

Dei starta som nummer sju i finalen, etter «Stattu upp» av Blár Ópal. Bidraget vann og får representere Island i Eurovision Song Contest 2012.

Eurovision Song Contest 2012[endre | endre wikiteksten]

Teksten til songen «Mundu eftir mér» var opphavleg på islandsk, men vart skriven om til engelsk før Eurovision Song Contest 2012. Samstundes vart tittelen endra til «Never Forget».

Dei starta som nummer to i den fyrste semifinalen, etter Montenegro med «Euro Neuro» av Rambo Amadeus og før Hellas med «Aphrodisiac» av Elefthería Eleftheríou. Songen gjekk vidare til finalen, der han enda på 20. plass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]