Józef Łuszczek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Józef Łuszczek


Statsborgarskap Polen
Fødd 20. mai 1955 (68 år)
Ząb, Lesser Poland Voivodeship
Idrett langrenn
Tok del i

Ski-VM 1978, Ski-VM 1982, cross-country skiing at the 1980 Winter Olympics, Nordiske greiner under vinter-OL 1984

Utmerkingar

Polish Sportspersonality of the Year, offiser av Ordenen Polonia Restituta

Józef Łuszczek (fødd 20. mai 1955) er ein polsk tidlegare langrennar frå landsbyen Bustryk ved Zakopane. Han vart verdsmeister på 15 km under Ski-VM 1978 og tok bronsemedaljen på 30 km i same meisterskapen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Łuszczek vart nummer åtte på tremila i Svenska skidspelen 1977 i Falun. Under verdsmeisterskapen 1978 i Lahti kom han på ein overraskande bronseplass på 30 km, bak to utøvarar frå Sovjetunionen. Få dagar seinare gjekk han heilt til topps på 15 km, 2,3 sekundar framom Jevgenij Beljajev frå Sovjetunionen. Han avslutta Lahti-VM med å verte sjuandemann på femmila. For sine prestasjonar i Lahti vart han kåra til årets idrettsutøvar i Polen.

I 1979-sesongen vart Łuszczek nummer tre på 15 km i Holmenkollen, vel eit halvt minutt bakom Thomas Wassberg og Oddvar Brå. Under dei olympiske leikane i Lake Placid vinteren 1980 gjekk Łuszczek sterke renn både på 30 km og 15 km, noko som resulterte i høvesvis femte- og sjetteplass.

Łuszczek deltok i Ski-VM 1982 i Oslo, der ein 15. plass på 30 km var hans plassering. Same sesongen enda han på sjetteplass på femmila i verdscuprennet i Lahti. I sitt siste store meisterskap, Vinter-OL 1984, klarte han ikkje å kome mellom dei 25 beste i nokon av dei tre individuelle tevlingane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]