Józef Szmidt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Józef Szmidt

Józef Szmidt
Statsborgarskap Polen, Tyskland
Fødd 28. mars 1935 (88 år)
Miechowice
Yrke friidrettsutøvar
Språk tysk, polsk
Høgd 184 centimeter
Józef Szmidt på Commons

Józef Szmidt (fødd 28. mars 1935) er ein polsk tidlegare tresteghoppar, fødd i Miechowwice i Schlesien. Frå 1958 til 1964 vann han alle dei internasjonale meisterskapsøvingane i tresteghopp. Han vart to gongar europameister, fyrst under EM 1958 i Stockholm og så EM 1962, og to gongar olympisk meister; under OL 1960 i Roma og OL 1964 i Tokyo. Szmidt var den fyrste tresteghopparen som braut 17-metersgrensa då han sette verdsrekord med 17,03 m i 1960.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Han var tyskfødd, Josef Schmidt, men familien valde å verte buande då heimbyen etter andre verdskrigen vart innlemma i Polen. Szmidt vart i i 1958 den fyrste polske tresteghopparen som passerte 16-metersstreken. Same sesongen vann han ein klar siger i tresteghopp under europameisterskapen i Stockholm med sterke 16,43 m, versdrekordeigaren Oleg Rjakovskij vart nummer to.

Under den polske meisterskapen i Olsztyn den 5. august 1960 hoppa Szmidt 17,03 meter, ny verdsrekord, og vart dermed den fyrste tresteghopparen som hoppa over 17 meter. Ein månad seinare, under dei olympiske leikane i Roma, vann han gullmedaljen med olympisk rekord, 16,81 meter, framom dei sovjetiske utøvarane Vladimir Gorjajev og Vitold Kreer. Også under europameisterskapen 1962 i Beograd tok han gullmedaljen føre to hopparar frå Sovjet og likeeins under dei olympiske leikane i Tokyo i 1964.

Szmidt vart nummer fem i friidretts-EM 1966. I den tynne lufta i Mexico-byen hoppa han under Sommar-OL 1968 16,89 meter, berre 14 cm bak hans eigen gjeldande verdsrekord føre finalen. Men det heldt berre til sjuandeplass i ei fenomenal tevling der verdsrekorden vart flytta fleire gongar, til sist av Viktor Sanejev til 17,39 m. Szmidt tok avskjed med ein 11. plass i europameisterskapen 1971 i Helsingfors, 36 år gammal.

Til saman vann Szmidt ti polske meistertittlar i tresteghopp; 1958, 1960, 1962-63, 1965-67 og 1969-71. I 1961 vart han polsk meister i lengdehopp. Han deltok også i sprinttevlingar i den nasjonale meisterskapen og kapra sølvmedaljar på 200 meter; 1953 og 1958, samt på 100 meter i 1958.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]