Jörn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 65°3′31.730″N 20°2′20.627″E

Jörn er ein svensk tettstad i Skellefteå kommun i Västerbottens län i landskapet Västerbotten. I 2005 hadde tettstaden 877 innbyggjarar. Jörn ligg cirka 65 kilometer vest for Skellefteå.

Jörn ligg ved Stambanan genom övre Norrland, og var tidlegare eit jernbaneknutepunkt med ei jernbanelinje til ArvidsjaurInlandsbanan. Det har ikkje vore trafikk på jernbanelinja Jörn-Arvidsjaur sidan 1990.[1]

Kuriosa[endre | endre wikiteksten]

Den første tida etter at Stambanan genom övre Norrland opna gjekk toga berre på dagtid, og Jörn blei overnattingsstasjon med ikkje mindre enn seks hotell på eit tidspunkt. Lenin skal ha overnatta på jernbanehotellet i Jörn på togreisa si frå Sveits til St. Petersburg i revolusjonsåret 1917.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jörn-Arvidsjaur på järnväg.net
  2. Skellefteå lokalhistoriska portal, "Järnvägshotellet i Jörn"