Jødekake

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jødekake av opphavleg type
Nederlandske jodenkoeken

Jødekaker er det vanlege namnet på ei gruppe småkaker med sefardisk opphav i skandinavisk kokekunst.

sefardiske kryptojødar utvandra frå Spania og Portugal til Nord-Europa kring 1600- og 1700-talet tok dei med seg element av iberisk sefardisk kultur — inkludert sefardisk (jødisk) og arabisk (muslimsk) kokekunst med bruk av sukker i tillegg til meir utbreidde søtingsstoff som honning og ulike typar fruktsirup.

Eit av desse elementa var småkaker bakt med piska egg, sukker, mjøl og vegetabilsk olje (t.d. olivenolje) som basis. Karakteristisk for desse sefardiske småkakene er at det er minimalt med væske i dei, og at dei difor kunne halda seg lenge. Blant sefardar i Nederland blei desse kakene noko endra ved at dei bytta ut olja med smør. Seinare er ofte også margarin blitt brukt. Desse kakane kom til å bli kjende som «joodse boterkoeken» (‘jødiske smørkjeks’) i Nederland og som «jødekaker» («jødekakor», «jødekakur», «jødekager» eller «judebröd») i Norden.

Den nederlandske typen er blitt vidare endra i Danmark, slik at det i dag finst fleire variantar av jødekaker. Det er nok den danske varianten som er best kjent i Noreg. Her finst det stadig mange som bakar jødekaker som ein tradisjonell del av sin julebakst.[1] Jødekakene i dansk og norsk versjon er meir som søta butterdeigkjeks, av og til med perlesukker og hakka mandlar på.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Jødekager», www.webopskrifter.dk (på dansk), henta 5. desember 2019