Jødisk Museum i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

59°54′59.224″N 10°45′18.090″E / 59.91645111°N 10.75502500°E / 59.91645111; 10.75502500

Huset i bakgarden i Calmeyers gate 15B, der Den israelitiske menighed tidlegare hadde synagogen sin, har hysa Jødisk Museum i Oslo frå 2008.

Jødisk Museum i Oslo er eit museum i Oslo som skal take vare på og formidle soga til jødar i Noreg. Museet vart skipa i 2004 i samarbeid mellom Det mosaiske trossamfunn og Oslo Bymuseum, og vart ei stifting i 2006. Museet opna for publikum i lokala i Calmeyers gate 15b i 2008 med utstillinga «Friheten vinnes ikke bare én gang», som dreidde seg om jødiske kunstnarar i Noreg og om jødar som tok del i kampen mot nazismen under andre verdskrigen.

Mange av dei jødane som innvandra til Noreg i tida kring midten av 1800-talet og frametter, etter at den såkalla jødeparagrafen i Grunnlova vart sletta i 1851, slo seg ned i stroket der museet ligg, og i området på Nedre Grünerløkka i nærleiken. I tida frå 1921 til 1942 hadde dei sin synagoge i dei lokala som no hyser museet.

Jødisk Museum i Oslo har inga stor samling av jødiske seremonielle objekt, i motsetnad til dei fleste andre jødiske musea i Europa. Dei fleste jødane som emigrerte til Noreg mellom 1880 og 1920 kom frå fattige kår i Aust-Europa, og hadde ikkje mange gjenstandar med seg. Dessutan gjekk mange kulturhistoriske gjenstandar tapt under andre verdskrigen ved at dei anten vart konfiskerte av den tyske okkupasjonsmakta eller stolne av dei norske medløparane deira. Dokument og dokumentasjonsmateriale (einskildbrev og korrespondanse, identifikasjonskort, diplom, bøker, hefter) og fotografi dominerer difor samlinga av gjenstandar i museet. Dette har museet anten fått som gåver eller er samla inn av dei tilsette. Museet hadde i 2016 omlag 780 dokumenterte, registrerte og magasinerte einingar eller museumsnummer som femnar om ikring 2228 objekt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]