Avletter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jønnbrød)
Steiking av avletter i Folldal rundt 1920.
Avlettjern

Avletter eller jønnbrød, òg kalla tynnbakels nokre stader, er ein type tynne og sprøe kaker laga av ei røre av vatn, fløyte/rømme og mjøl og blir i våre dagar ofte steikte i krumkakejern — eller nokre stader i litt tjukkare utgåve i gorojern.

Namnet «avlett» kjem av det kyrkjelege ordet «oblat». Andre namn som blir bruka i Nord-Østerdalen inkluderer stekbrød og godbrød.[1]

Steikejern[endre | endre wikiteksten]

I tidlegare tider vart avletter steikte i grua, så dei riktig gamle jerna har oftast svært lange skaft. I nyare tid har jerna vorte tilpassa kjøkenkomfyren, så dei nyare jarna ser ut på lag som vanlege krumkakejern eller vaffeljern utvendig. Eitt av dei riktig gamle avlettjerna kjem frå Beitrusten i Folldalen. Dette jernet, som er datert 1645, har ein kentaur som hovudmotiv på eine sida og innskrifta «IOHANES SVIENDSØN PAA BLESSEMB HAUVER GIORT DETTE TAFLEGIERN» kring kanten.[1] Eldre jønnbrødjern har elles ofte kristne motiv. Ein undertype av dei er aposteljern, som har ein sirkel av tolv apostelbilde kring det sentrale motivet på eine sida. Eit slikt jern datert 1793 frå StøenTynset har ei løve som sentralmotiv på apostelsida med innskrifta «DEN STERKE LØVE AF IUDA HAR TAGET SATAN TIL FANGE» som sentralmotiv på apostelsida. Den andre sida har bladornamentikk kring ein sentral likearma kross på andre sida, og kring kanten står det: «NILS OLS SEN OG GIERTTRUD RAS MUS DATTER G».[1] Innskrifta kring kanten av baksida varierer elles mellom ulike jern.

Det geometriske mønsteret innvendig er karakteristisk for dei fleste jønnbrødjerna frå nyare tider, men det går godt an å steikje jønnbrød i vanlege krumkakejern eller gorojern (for noko tjukkare jønnbrød) om ein ikkje har jønnbrødjern.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Jønnbrød ved lokalhistoriewiki.no, frigjeven under CC-BY-SA 3.0
  1. 1,0 1,1 1,2 Spangen, Amund: «Jønnbrød, stekbrød, godbrød, avletto — kjært barn har mange navn» i Årbok for Nord-Østerdalen, 1992. ISSN 0333-3140

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]