Jørgen Amdam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Amdam
Fødd 29. april 1945 (75 år)
Ørskog
Yrke professor
Verv Rektor ved Høgskulen i Volda
Periode 2007-2011
Føregangar Gunnar Stave
Etterfylgjar Per Halse

Jørgen Einar Amdam (fødd 29. april 1945 i Ørskog) er ein norsk skulemann og politikar, kjend for sine arbeid om organisasjonsteori og regional politikk.

Amdam er utdanna ved Norges Landbrukshøgskole til jordskiftekandidat i 1970. I 1974 tok han dr.scient.-graden. Han vart tilsett ved dåverande Møre og Romsdal distriktshøgskule, Volda og Møreforsking i 1973. I 1994 vart han utnemnd til professor i samfunnsplanlegging same staden. Amdam var rektor ved Høgskulen i Volda i perioden 1. august 2007 til 31. juli 2011.

Sidan hausten 2015 er Amdamn ordførar i Volda kommune, der han representerer Arbeidarpartiet i sin fyrste periode som kommunemann.

Jørgen Amdam er bror til professor Roar Amdam.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]