Jørgen Blydt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Blydt

Fødd14. mars 1868
Død28. april 1938 (70 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, forretningsdrivande
Alle verv

Jørgen Blydt (14. mars 186828. april 1938) var ein norsk bank- og forretningsleiar, og stortingsmann frå Bergen. På Stortinget representerte han Venstre. Han var svigerson til Carl Berner.

Blydt var son til ein kjøpmann i Bergen. Etter skuletida på Tanks skole i heimbyen, reiste han tre år i handelslære utanlands. Dei tre åra fordelte han på England, Frankrike og Belgia. Frå 1891 var han medeigar i Blydt & Grung, eit firma som dreiv handel med fisk og fiskeutstyr. I 1912 fekk han stilling som børskommissær i Bergen. Han var medlem av Bergens bystyre i mange år og var åra 1908-12 formann i samferdslekomiteen for Bergen og dei to Bergenhus-amta. Styreformann for Bergens Kreditbank frå 1906.

Blydt var 3. representant frå Bergen i stortingsperioden 1900-03. Han var då medlem av næringskomite nr 1, og dessutan av komiteen om sjødugleiken til skip 1901-02 og den forsterka justiskomiteen i 1902. Då Ofotbanen vart opna i 1903 var han mellom dei offisielle utsendingane for det norske stortinget. Perioden 1906-09 var han stortings-varamann frå Kalfaret krins, møtte for Johan Ludwig Mowinckel frå 27. november 1906 og ut året, i 1908 frå 12. mai og perioden 5. mai-7. juni 1909. Ved stortingsvalet i 1909 stilte han til val i Nordnes krins, valet vart vunne av Fredrik Konow framom Arbeidarpartiet sin kandidat. I 1912 prøvde Blydt seg i Sandviken krins, der Lars O. Sæbø frå Arbeidarpartiet erobra mandatet. Blydt fekk til sist stortingsplass då han i 1915 i andre valomgang i Sandviken krins slo Lars Sæbø med 3 836 røyster mot 3 429.

Blydt hadde styreplass i mange ulike forum. Under fyrste verdskrigen var han leiar av den statlege kolfyringsnemnda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]