Hopp til innhald

Jørgen Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Brekke
NasjonalitetNorsk
StatsborgarskapNoreg
Fødd26. april 1968 (58 år)
Horten
YrkeForfattar, journalist
Periode2011-
SjangerKriminallitteratur
Medlem avRivertonklubben
PrisarMaurits Hansen-prisen – Nytt Blod, Norlis debutantpris
DebutNådens omkrets

Jørgen Brekke (fødd 26. april 1968)[1] er ein norsk kriminalforfattar. Han debuterte i 2011 med romanen Nådens omkrets.[2] Andreboka, Drømmeløs, vart utgjeven i januar 2012[3], og den tredje i serien, Menneskets natur, kom i februar 2013.[4]

Brekke er oppvaksen i Horten og er utdanna lektor frå NTNU. Han er busett i Trondheim og arbeider deltid innan omsorg og som frilansjournalist.[5] Han har mellom anna skrive for magasinet Levende Historie.[6]

Debutboka fekk positive kritikkar,[7] var hovudbok i Bokklubben Nye Bøker og er seld til ti land.[5] Brekke fekk Norlis debutantpris for boka.[8]

Trondheimspolitimannen Odd Singsaker er hovudperson i dei tre første bøkene hans, og hendingar langt attende i historia er delar av handlinga.

Kriminalromanar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2011 Nådens omkrets[9]
  • 2012 Drømmeløs[10]
  • 2013 Menneskets natur[11]
  • 2014 Doktor Fredrikis kabinett
  • 2016 Paradisplaneten
  • 2017 Avgrunnsblikk
  • 2018 Alle kan drepe

Ungdomsbøker

[endre | endre wikiteksten]
  • 2016 Akademiet (Oppdrag Mars 1)
  • 2017 Reisen (Oppdrag Mars 2)
  • 2018 Planeten (Oppdrag Mars 3)

Bidrag i antologiar

[endre | endre wikiteksten]
  • 2014 Påskekrim 2014 : 18 kriminalnoveller
  • 2015 Årets påskekrim : 13 kriminalnoveller fra spenningens mestere
  • 2015 Påskekrim 2015 : 17 kriminalnoveller
  • 2017 Påskekrim 2017 : 17 krimnoveller

Prisar og utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. ««Jørgen Brekke (26.04.1968)»». forfatterkatalogen.no. Henta 15. februar 2013.
  2. «Månedens debutant i mars: Jørgen Brekke». Kritikerlaget. 8. mars 2011. Henta 6. februar 2012.
  3. Torbjørn Ekelund (16. januar 2012). «Smittende fortellerglede og høy underholdningsverdi». dagbladet.no. Henta 6. februar 2012.
  4. «Presentasjon av Menneskets natur». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 15. februar 2013.
  5. 1 2 «Jørgen Brekke». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012.
  6. Vibeke Johnsen (26. januar 2011). «Suksess før noen har lest han». side2.no.
  7. «Nådens omkrets». Nettstaden til Gyldendal forlag. Henta 6. februar 2012.
  8. 1 2 «Vinneren av Norlis debutantpris». Nettstaden til Kritikerlaget. 8. februar 2012.
  9. Jørgen Brekke (2011). Nådens omkrets. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
  10. Jørgen Brekke (2012). Drømmeløs. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag.
  11. Gyldendal Norsk Forlag (2013). Gyldendal Litteratur Vår 2013. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag. s. 26.
  12. Fikk debutpris Artikkel i avisa Laagendalsposten publisert 26. oktober 2012.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]