Jørgen Brunchorst

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Brunchorst
No-nb bldsa 1c084.jpg
Fødd10. august 1862
Bergen
Død19. mai 1917
Roma
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkebotanikar, politikar, diplomat, mikrobiolog

Jørgen Brunchorst (10. august 186219. mai 1917) var ein norsk botanikar, museumsmann, politikar og diplomat frå Bergen.

Botanikar og museumsmann[endre | endre wikiteksten]

Brunchorst gjekk fyrst på Tanks skole og så på latinskulen i heimbyen, før han gjekk på Holands skole i hovudstaden. Student i 1880, studerte naturfag ved universitetet i Kristiania. Vidare to års botanikkstudiar i Tyskland, der han tok den filosofiske doktorgrad (dr. philos.) i 1885 ved universitetet i Tübingen. Han vart verande i Tyskland ei tid som assistent for professor Wilhelm Pfeffer.

I 1889 overtok Brunchorst ei stilling som konservator ved Bergen Museum etter Frithjof Nansen, og i 1901 vart han direktør for museet. Han leia museet over i ei meir folkeopplysande retning, hovudmålet for museet vart å fremje vitskapleg forsking og spreie vitskapleg kunnskap[1]. Brunchorst var ein pådrivar for at Bergen fekk Noregs fyrste biologiske stasjon i 1892, i konkurranse med Universitetet i Oslo[2].

Han gav ut ei rekke vitskaplege avhandlingar og populærvitskaplege bøker. Frå 1889 til 1906 var han redaktør av tidsskriftet Naturen som vart gitt ut av Bergen Museum. I 1890 etablerte han saman med Gerhard Gran tidsskriftet Samtiden.

Politikar[endre | endre wikiteksten]

Brunchorst var 1895-97 stortingsmann for Venstre vald frå Bergen. Han var då sekretær i sosialkomiteen. For perioden 1903-06 vart han atter vald til stortingsmann, då for Samlingspartiet. Han var formann i sosialkomiteen og i 1904 medlem av arbeisløysekomiteen, samt medlem av Stortingets spesialkomite for lova som førte til unionsoppløysinga frå Sverige i 1905.

Stortingsrepresentanten Brunchorst var kritisk til dei mindre musea, etter at Stortinget hadde vedteke ei deling av musea. Nokre museum fekk ansvaret for lause fortidsminne, og vart slik basert på vitskap. Kritikken gjekk på at dei mindre musea framstod som samlarar av kulturhistoriske gjenstandar.[3]

Heilt mot slutten av Christian Michelsens regjeringsperiode, 28. september 1907, vart Brunchorst utnemnd til statsråd og sjef for Arbeidsdepartementet. Han heldt fram i ombodet i Jørgen Løvlands regjering som tiltredde 23. oktober 1907 og var statsråd til regjeringa gjekk av 19. mars 1908. Som statsråd var Brunchorst partiuavhengig liberalar.

Diplomat[endre | endre wikiteksten]

I 1906 vart Brunchorst utnemnd til generalkonsul i Havana og ministerpresident for dei mellom-amerikanske statane. Åra 1910 til 1916 var han minister (ambassadør) i Stockholm, deretter i Roma til han døydde året etter.

Brunchorst vart i 1901 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og i 1908 forfremja til kommandør av 1. klasse. Han vart tildelt 7. juni-medaljen og storkors av den svenske Nordstjerneordenen. Vidare var han også riddar av den franske Æreslegionen og riddar av 2. klasse av den russiske St. Stanislaus-ordenen.

Brunchorst døydde i Roma i 1917.

Utvald bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Udvikling, liv og formering i planteriget, Giertsen, Bergen, 1901
  • Om Arternes Oprindelse: en populær Fremstilling, Aschehoug, Kristiania, 1901
  • Bergens museum 1825-1900: en historisk fremstilling, Bergen museum, Bergen, 1900
  • Beretning om den Internationale Fiskerikongres afholdt i Bergen den 18de-21de juli 1898, Selskabet for de norske fiskeriers fremme, Bergen, 1899
  • De vigtigste Plantesygdomme: en populær Fremstilling af Nytteplanternes Sundhedslære, Giertsen, Bergen, 1887

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. regjeringen.no Bergen Museum
  2. uib.no Bergen Musæums Biologiske Station og dens etterkommere i Bergen
  3. Mie Berg Simonsen: «Kulturminnevernets historie sett gjennom Stortingets debatter og vedtak»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]