Jørgen Løvland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jørgen Gunnarsson Løvland)
Jørgen Løvland

Jørgen Løvland
Fødd3. februar 1848
Evje
Død21. august 1922 (74 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, statsmann
Utdanna vedUniversitetet i Agder
Kristiansand katedralskole
BarnTorkell Løvland
MedlemDen Norske Nobelkomite
VervNorsk kyrkje- og undervisingsminister 26. oktober 1915–20. juni 1920
FøregangarAasulv Bryggesaa
EtterfylgjarNils Riddervold Jensen
VervNorsk statsminister 23. oktober 1907–18. mars 1908
FøregangarChristian Michelsen
EtterfylgjarGunnar Knudsen
VervNorsk utanriksminister 7. juni 1905–18. mars 1908
EtterfylgjarWilhelm Christophersen
VervNorsk statsminister i Stockholm 11. mars 1905–6. juni 1905
FøregangarSigurd Ibsen
VervNorsk arbeidsminister 1. juni 1900–21. oktober 1903
FøregangarHans Nysom
EtterfylgjarAlbert Hansen
Alle verv
Signatur

Jørgen Løvland (3. februar 184821. august 1922) var ein norsk politikar som vart statsminister. Elles var han ein lærarutdanna redaktør. Løvland var sentral under unionsoppløysinga i 1905, og vart Noreg sin fyrste utanriksminister. Politisk høyrde han til partiet Venstre, og var statsminister i Noreg frå 28. oktober 1907 til 18. mars 1908. Han var òg oppteken av norskdom og av målsak.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Jørgen Gunnarson Løvland (eller Lauvland), var bondeson fødd på garden Lauvland i Evje, som ligg i Setesdal i Aust-Agder fylke. Ole Gunnarsson Lauvland var ein eldre bror.

Løvland utdanna seg ved Holt seminarium (lærarskulen Christianssands Stifts Seminarium på Holt i Aust-Agder), der han tok avgangseksamen i 1865. Frå 1866 til 1885 verka han som lærar og redaktør i Kristiansand.

Politisk og offentleg verksemd[endre | endre wikiteksten]

Løvland gjekk inn i rikspolitikken var stortingsrepresentant frå 1886 til 1888, frå 1892 til 1897 og frå 1913 til 1915. Han var odelstingspresident frå 1892 til 1897. I 1893 leia han dei radikale som ville ta opp konsulatsaka.

I 1898 blei Jørgen Løvland statsråd i Johannes Steen og seinare Otto Albert Blehr si regjering. Frå 17. februar 1898 til 22. oktober 1903 var Løvland arbeidsminister, leiar for Departementet for de offentlige arbeider, frå 1. mars 1899 til 15. juni 1900 var han ved statsrådsavdelinga i Stockholm.

I regjeringa Michelsen var Løvland norsk statsminister i Stockholm. Han leia den norske statsrådsdelegasjonen i Stockholm frå 11. mars 1905 til 7. juni 1905. Frå 15. juni 1905 til 27. november 1905 var han fungerande utanriksminister, og deretter Utanriksminister, minister for de udenrigske Anliggender.

Frå 28. oktober 1907 leia han regjeringa Løvland, eit samarbeid mellom Venstre og Moderate Venstre som statsminister og utanriksminister. Regjeringa gjekk av 19. mars 1908.

Frå 1910 til 1913 leia Løvland ein kommisjon som skulle greia ut spørsmål om revisjon av matrikkellovgjevinga og ein særskild skatt for verdistiging av grunn. Han var stortingspresident frå 1913 til 1915. Løvland blei deretter kyrkje- og undervisingsminister i regjeringa Knudsen II, frå 26. oktober 1915 til 21. juni 1920.

Løvland hadde også vervet som formann i Den norske nobelkomitéen frå 1901 til 1922. Han var leiar i Noregs Mållag frå 1909 til 1912.

Løvland fekk ei rekkje utmerkingar for verksemda si. 7. november 1898 vart han utnemnd til ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden. Den 20. januar 1900 vart han forfremja til kommandør med stjerne, og fekk storkrossen for fortenestefull embetsverksemd den 31. oktober 1907.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Løvland døydde i Kristiania i 1922. 7. juni 1928 vart ei byste av Løvland avduka i «æreslunden» på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Noregs Mållag og vener sette opp dette minnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]