Jørgen Jørgensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Jørgensen
Fødd 1767
Trøgstad
Død

14. desember 1838

Yrke politikar, tanner

Jørgen Jørgensen (176714. desember 1838) var ein norsk garvar og stortingsmann frå Trøgstad i Østfold.

Jørgensen var fødd utanfor ekteskap. I ungdomen budde han fleire år i Christiania og i Danmark. Han gifta seg i GrenåJylland og flytta kring midten av 1790-talet til Malmøya ved Mandal. Der tok han til som garvarmeister, seinare flytta han garveriet til garden Hesland i Halså sokn og dreiv der til han døydde.

I 1814 representerte Jørgen valkrinsen Mandals amt på det fyrste overordentlege Storting. Han var då medlem av Lagtinget og av deputasjonen som 10. oktober møtte den abiserande kong Kristian Fredrik ute på Bygdøy. Fire år seinare var Jørgensen fyrste varamann til stortinget frå Lister og Mandals amt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]