Jørgen Johannes Havig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Johannes Havig
Fødd 31. juli 1808
Vemundvik
Død

19. januar 1883

Yrke bonde, politikar

Jørgen Johannes Havig (31. juli 180819. januar 1883) var ein lensmann, gardbrukar og stortingsmann frå Vemundvik i Nord-Trøndelag.

Havig var son til ein lensmann. Sjølv var han lensmann i Namsos og Fosnes frå han var 18 år gammal. Gjennom 52 år, 1826-78, handheva han lensmannsombodet. Jamsides var han gardbrukar på farsgarden Havik. Han var òg medlem 1838-73 i heradsstyret, og periodane 1856-62 og 1862-75 var han forlikskommissær i høvesvis Overhalla og Namsos. Frå 1842 var han sjef for den nyoppretta sparebanken.

Havig møtte på stortinga 1839 og 1845 som representant frå Nordre Trondhjems amt. Fyrste gongen var han medlem i Protokollkomiteen og i Komiteen om stempellova, medan han i 1845 var sekretær i Protokollkomiteen. Til stortinget 1842 var han 2. varamann, medan han var fyrste varamann til stortinget 1848.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]