Jørgen Jorde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Jorde
Fødd2. januar 1855
Død19. oktober 1931 (76 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Jørgen Jensen Jorde (2. januar 185519. oktober 1931) var ein norsk gardbrukar, sakførar og stortingsmann frå Nes i Hallingdal. Han var medlem av Venstre.

Jorde var son til ein gardbrukar. Åra 1877-79 var han heradskasserar, dei neste to åra var han utskiftingsassistent. Dernest las han til artium og vart student i 1883 og sidan cand. jur. i 1889. Han overtok farsgarden i Nes i 1884 og busette seg på denne etter han var ferdig med studiane. Ved sidan av gardsdrifta var praktiserte han som overrettssakførar. Frå 1911 var han aktor ved meddoms- og avhøyrsrettar.

Jorde var medlem av heradsstyret i Nes frå 1886, i fleire år var han ordførar. Elles styreformann i den lokale sparebanken frå 1904. Jorde var einmannskrinsen Hallingdal sin representant til Stortinget i perioden 1906-09. Han var medlem av fullmaktskomiteen og av protokollkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]