Jørgen Kosmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

{{Infoboks politikar Jorgen-Kosmo (cropped).jpg

| bilettekst = Jørgen Kosmo

Foto: Lennart Perlenhem/norden.org

| parti = Arbeidarpartiet | verv = Riksrevisor | periode = 2006–2013 | føregangar = Bjarne Mørk-Eidem | etterfylgjar = Per-Kristian Foss | verv2 = Stortingspresident | periode2 = 9. oktober 2001–30. september 2005 | føregangar2 = Kirsti Kolle Grøndahl | etterfylgjar2 = Thorbjørn Jagland | verv3 = Norsk forsvarsminister | periode3 = 2. april 1993–17. oktober 1997 | regjering3 = Brundtland III, Jagland | føregangar3 = Johan Jørgen Holst | etterfylgjar3 = Dag Jostein Fjærvoll | verv4 = Norsk administrasjons-, planleggings-, moderniserings- og fornyingsminister | periode4 = 17. mars 2000–5. oktober 2001 | regjering4 = Stoltenberg I | føregangar4 = Laila Dåvøy | etterfylgjar4 = Victor Norman | verv5 = Stortingsrepresentant | periode5 = 1985–2005 | valkrins5 = Vestfold | verv6 = Ordførar i Horten | periode6 = 1983–1985 | fritype = Utmerkingar | fri = St. Olavs Orden, Nordstjerneordenen, Oranje-Nassau-ordenen | commons = Jørgen Kosmo }} Jørgen Hårek Kosmo (5. desember 194724. juli 2017) var ein norsk politikar (Arbeidarpartiet) og stortingspresident.

Han var fødd i Fauske i Nordland fylke, var opphavleg anleggsarbeidar, og dreiv lenge med fagforeningsarbeid. Frå 1979 til 1985 sat Kosmo i kommunestyret i Horten, dei siste to åra som formann i kommunestyret. Frå 1985 til 2005 var han vald inn på Stortinget som Arbeidarpartiet sin representant for Vestfold fylke.

Jørgen Kosmo var forsvarsminister frå 1993 til 1997, og statsråd i Arbeids- og administrasjonsdepartementet frå 2000 til 2001. Då han gjekk av som statsråd, vart han vald til stortingspresident. Han sat i dette embetet fram til Thorbjørn Jagland vart stortingspresident i oktober 2005.

I juli 2004 vart Kosmo utnemnd til fylkesmann for Telemark etter Solveig Sollie, men kunne ikkje tiltre stillinga medan han sat på Stortinget. Hausten 2005 vart han utnemnd til riksrevisor.

Den 2. november 2005 tildelte Kong Harald Jørgen Kosmo storkrossen av St. Olavs Orden for embetsforteneste som stortingspresident. Kosmo er den fyrste stortingspresidenten i nyare tid som har motteke ordenen. Same året vart Kosmo også utnemnd til storkross av den svenske Nordstjerneordenen, og i 2013 fekk han den nederlandske Oranje-Nassau-ordenen (Orde van Oranje-Nassau).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]