Jørgen Nash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Nash
Fødd 16. mars 1920
Q2191715
Død

17. mai 2004
København

Yrke kunstmålar

Jørgen Axel Nash (16. mars 192017. mai 2004), som opphavleg heite Jørgensen til etternamn, men skifta til Nash i 1941, var dansk kunstmålar og diktar, bror av den internasjonalt kjende kunstnaren Asger Jorn.

Han likte å provosere til debatt, og påstod i ei bok frå 1977, En havfruemorder krydser sit spor, at det var han som hadde kutta hovudet av den vidgjetne skulpturen Den lille Havfrue i København 24. april 1964. Men det er aldri vorte prova at dette er sanning, og denne ugjerninga er framleis rekna som uoppklart.

Nash var medlem av avantgardegruppa Situationistisk Internationale, ei venstreradikal gruppe av kunstnarar og intellektuelle som vart skipa i 1957, men vart i 1962 kasta ut av gruppa saman med nokre andre medlemmar på grunn av usemje om bruken av kunst i kampen for å snu om på samfunnet. Nash skipa deretter ei ny situasjonistisk gruppe, Bauhaus Situationiste, som var aktiv i dei fylgjande åra. Somme av dei som Nash samarbeida med på denne tida var Jens Jørgen Thorsen, Hardy Strid og Carl Magnus.

Nash samarbeida òg ei tid med broren Asger Jorn, og var saman med han om å skipe kunstnarkollektivet Drakabygget i Skåne.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]