Jørgen Olafsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jørgen Olafsen
Fødd 1. januar 1818
Dovre
Død

14. mai 1893
Veøy

Yrke politikar, lærar

Jørgen Olafsen (1. januar 181814. mai 1893) var ein norsk lærar, kyrkjesongar, forfattar og mangeårig stortingsmann, opphavleg frå Langlykkja ved Dombås i Dovre, budde størstedelen av livet i Romsdal.

Olafsen var fødd og oppvaksen på ein gard i Dovre. Han fekk nokre månaders undervisning hos kyrkjesongaren i Lesja, var så lærar i Lesja i 1839. År 1840 vart han seminarist frå Asker. Frå 1844 var han lærar og kyrkjesongar i Bud. I den lange perioden 1849-91 hadde han same stillingane i Veøy, budde då på klokkargarden Bergsvik. Han kom med i heradstyret i 1856, var ordførar i Veøy 1858-90. Forlikskommissær 1856-90.

I 1847 stifta Olafsen Romsdals fogderis lærerforening, den fyrste i sitt slag på landsbygda i Noreg. Han var formann i foreininga til han døydde. Elles var han tidleg ute med å starte opp songkor. Olafsen var og ein flittig skribent, med tallause artiklar og innlegg i mange aviser. Han gav også ut bøker, oftast om lokale og historiske tilhøve.

Olafsen representerte Romsdals amtStortinget periodane 1859-69 og 1874-88. Han tok ikkje del i Stortinget 1862-63, då han vart sjuk, men møtte i 1864. Valet for perioden 1874-76 var mykje omstridd, men vart godkjent med 55 røyster mot 53. Han var medlem av kyrkjekomiteen 1859-60 og 1865-66, sekretær i konstitusjonskomiteen frå 1868. I sin siste periode på Stortinget var han medlem av Lagtinget. Då partigruppene vart danna i 1883, slutta han seg til Venstre.

Han døydde på klokkargarden i Veøy i 1893.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]