Hopp til innhald

Jørgen Roed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørgen Roed

Statsborgarskap Kongeriket Danmark
Fødd 13. januar 1808
Ringsted
Død

8. august 1888 (80 år)
København

Yrke kunstmålar, universitetslærar, bilethoggar, grafikar
Sjanger sjangermåleri, portrettmåleri
Born Helena Nyblom, Holger Roed
Jørgen Roed på Commons

Jørgen Roed (13. januar 18088. august 1888) var ein dansk kunstmålar.

Roed var fødd i Ringsted. Han var privatelev av Hans Hansen samtidig som han gjekk på Kunstakademiet i København. Seinare elev av C.W. Eckersberg inntil 1833. Roed tok den vesle sølvmedaljen i 1831, fekk pengepremie same år og tok den store sølvmedaljen i 1833. Vennskapen med sonen til Hansen, målaren Constantin Hansen, skulle koma til å prega både det private og kunstnariske virket til Roed. Dei reiste også ein del saman i Europa.

Roed blei seinare professor ved Kunstakademiet.

Han måla ei rekkje portrett og fleire religiøse motiv, mellom anna ei stor framstilling av Jesu krossfesting til den gjenoppførte kyrkja i Frederiksborg slott i 1866.

Roed var på fleire studie- og arbeidsreiser til utlandet i løpet av livet. Allereie i studietida var han i Noreg, der han besøkte Frederiksvern i 1831. Seinare var han i Italia, Tyskland og England og vitja verdsutstillinga i Paris i Frankrike i 1878.

Roed gifta seg 22. mai 1842 med Emilie Mathilde Kruse (1806–1894). Dei fekk sonen Holger Roed (1846-1874), som også blei kunstmålar, og dottera Helene Nyblom (1843–1926), som blei forfattar.[1] Jørgen Roed døydde 8. august eller 9. august 1888 i København, og blei gravlagd på Ringsted kyrkjegard.[2]