Jørgen Selmer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jørgen Selmer
Fødd 22. desember 1849
Drammen
Død

12. april 1906
Hammerfest

Jørgen Langanger Selmer (22. desember 184912. april 1906) var ein norsk embetsmann og stortingsmann frå Drammen. Christian Selmer var far hans.

Selmer vart student i 1869 og cand. jur. i 1873. Han var deretter tilsett på byfutkontoret i Drammen, så fullmektig hos sakførar i Kristiania. Frå 1876 arbeidde han i statsadministrasjonen, lengste tida i Indredepartementet. Tida 1885 til han døydde var han byfut i Hammerfest.

Selmer representerte Høgre frå bykrinsen Hammerfest, Vardø og VadsøStortinget valperiodane 1889-91 og 1895-97. Begge bolkane var han medlem av protokollkomiteen, 1891-sesjonen var han sekretær i denne. Også sekretær i Odelstinget 1890-91.

Han døydde 1906 i Hammerfest.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]