Jørgine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jørgine er den kvinnelege forma av mannsnamnet Jørgen, danna ved å leggja til endinga -ine.

I motsetnad til mannsnamnet er Jørgine svært lite brukt i Noreg. Det var 156 kvinner i Noreg som bar namnet den 1. januar 2004, og 81 i 2014.[1] Det har vore noko meir populært i Danmark, men i 2015 hadde namnet berre 30 danske berarar.[2] Namnet var meir utbreidd på 1800-talet.

Bruk i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Jørgine er namnet på ein roman av nobelprisvinnaren Johannes V. Jensen. Namnet finst òg i ein gamal dansk song av Jeppe Aakjær om ei jente som lét seg freista: «Jørgine var en pige alt ud af bondestand».

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]