Jørn Holme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jørn Holme

Jørn Holme 2010.
Foto: Jarle Vines
Fødd16. august 1959 (64 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, aktor, dommar
Utdanna vedDet juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo
VervRiksantikvar 2009-
FøregangarNils Marstein
VervPST-sjef 2004-2009
FøregangarPer Sefland
EtterfylgjarJanne Kristiansen
Alle verv

Jørn Holme (fødd 16. august 1959 i Oslo) er ein norsk jurist og tidlegare politikar for Venstre. Han var statsadvokat frå 1991 til 2001 då han vart statssekretær i Justisdepartementet for Odd Einar Dørum i Bondevik II-regjeringa, eit verv han hadde frå 2001 til 2004. Frå 2004 til 2009 var han sjef for Politiets sikkerhetsteneste (PST). I oktober 2009 vart han riksantikvar.

Holme er utdanna jurist ved Universitetet i Oslo frå 1986. Han tenestegjorde deretter i Harstad som politijurist i Senja politidistrikt frå 1988 til 1990 og deretter eit år som dommar i Trondenes tingrett. Etter det har hans teneste vore i Oslo, mellom anna som byrettsdommar, førstestatsadvokat i Økokrim og konstituert generaladvokat før utnemninga som statssekretær.

Holme fekk i 2008 kommunikasjonsprisen, som Kommunikasjonsforeningen og Norske Informasjonsrådgivere (NIR) deler ut. Prisen delte han med leiar i Elevorganisasjonen, Vibeke Mohn Herberg.

Holme er òg styremedlem i Fortidsminneforeningen.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • The protection of cultural monuments vol. 1-2 (redaktør og hovedforfatter), ØKOKRIM’s publication series, 2000
  • Fauna crime and other environmental crime (redaktør og hovudforfattar), ØKOKRIM’s publication series, 1994

Kjelder[endre | endre wikiteksten]