Jøsenfast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jøsenfast er namnet på ein skissert undersjøisk vegtunnel i Hjelmeland kommune i Rogaland. Dersom prosjektet vert realisert vil det erstatta ferjesambandet Hjelmeland-NesvikRiksveg 13 over Jøsenfjorden. Ideen vart lansert i desember 2009, då òg med planlagt avstikkar til Ombo. Nærare undersøkingar har vist at det vil bli svært vanskeleg med eitt T-samband i botnen av Hjelmelandsfjorden. Planane er difor førebels berre på skisseplanet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]