Jøsneset
| Jøsneset | |||
| stad | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Fylke | Rogaland | ||
| Kommune | Hjelmeland kommune | ||
![]() Jøsneset 59°17′31″N 6°11′57″E / 59.29183806°N 6.19903611°E | |||
Jøseneset er ei bygd og halvøy i Hjelmeland kommune i Ryfylke.
Halvøya er omgitt av Jøsenfjorden i sør, Ombofjorden i vest og Erfjorden i nord.[1]
Eit prosjekt for å knyta saman Jøsneset med resten av Hjelmeland med veg gjennom å erstatta ferjesambandet mellom Nesvik og Hjelmeland har fått namnet Jøsenfast.
Historie
[endre | endre wikiteksten]I 2025 sa kommunestyret ja til å etablera eit steinbrot på halvøya. Noregs geologiske undersøking har tidlegare stadfesta at området er eit steinbrot av nasjonal tyding. Dette vart møtt med protestar frå hytteeigarar i området, med opp til 40 demonstrantar då saka vart behandla. Kritikarane meinte at prosjektet vil redusera verdien på hyttane, laga støv og øydeleggja naturen, medan selskapet på si side meinte at steinbrotet ville skapa arbeidsplassar med ringverknader og tene samfunnet med skatteinntekter og betre infrastruktur.[1][2]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Jøssang, Tor Inge (30. september 2024). «Her har Helge hatt hytte i 27 år – nå kan han få et stort steinbrudd som nærmeste nabo». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 1. april 2026.
- ↑ Jøssang, Tor Inge (4. september 2025). «Demonstrerte mot steinbrudd: Knusende nederlag for hytteeierne». www.aftenbladet.no (på norsk bokmål). Henta 1. april 2026.
