Jøssing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Motortorpedobåtane, MTB-619[1] og MTB-717[2], bygd i Storbritannia i 1942 og 1944, tok «Jøssingen» som patriotisk kallenamn. Biletet viser eit våpenskjold der motivet er ein norsk fjøsnisse i raud topplue som rir på ein torpedo, her symbol for det norske folk og motstandsrørsla.
Foto: Frå utstilling i Forsvarsmuseet, 2019

Jøssing var eit namn på norske motstandarar av nazismen under andre verdskrigen. Namnet kjem av stadnamnet Jøssingfjord, ein fjord i Rogaland der engelske marinestyrkar den 16. februar 1940 borda den tyske hjelpekryssaren Altmark og frigjorde 300 engelske fangar.

Etter det vart namnet jøssing nytta av nazistane som nedsetjande nemning for engelskvennlege nordmenn, visstnok fyrste gong i ein artikkel i det svenske naziorganet Sverige Fritt 31.01.1941, sidan i NS-avisa Fritt Folk 18.02.1941 og lansert som nedsetjande nemning for alle engelskvennlege i Noreg i håp om at det ville nøytralisere skjellsordet quisling.[3] Jøssing vart straks annektert av norske antinazistar som ei heidersnemning.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Motortorpedobåt MTB 619 HNoMS
  2. Motortorpedobåt MTB 717 HNoMS
  3. «jøssing». Store norske leksikon. Henta 20. oktober 2019. 
  4. «jøssing». Det Norske Akademis ordbok. Henta 20. oktober 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]